Dei sju kommunane er Odda, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin, Jondal og Kvam. Storkommunen får i så fall 24.000 innbyggjarar. Folkemøta om dette temaet kjem som perler på ei snor. Sekse i Ullensvang 16. mars, Hauso i Ullensvang 17. mars, Jondal 18. mars. Og slik går det vidare.

Men alt i går, tysdag 15. mars, møttest «firarbanden», Ullensvang, Eidfjord, Granvin og Ulvik. Formannskapa kom saman for å drøfta samanslåing avgrensa til indre Hardanger.

I Hardingtinget 3. februar kom det fram at dei fire kommunane inst i Hardangerfjorden først og fremst ønskjer å vera seg sjølve. Men ingen verkar skremde ved tanken på å slå seg saman til ein kommune med namn som til dømes Indre Hardanger. Men dei har med som føresetnad både auka rassikring og Hardangerbru.

— Eg personleg har ingen problem med å svelgja ei samanslåing av våre fire kommunar. Heller ikkje ein storkommune av dei sju noverande Hardangerkommunane. Ei eller anna samanslåing vil koma likevel, trur eg, innan tre til fem år, seier ordføraren i Eidfjord, Ola B. Hereid, Bygdelista, til BT.

Dagleg leiar i Hardangerrådet, Leiv Vambheim, seier til Bergens Tidende at hardingane ikkje har så stor sans for dei framlegga til samanslåing som Østlandsforsking og Kommunenes Sentralforbund, KS, har lagt fram. Dei slår saman Eidfjord, Ulvik og Granvin med Voss, og KS har jamvel plussa på Vik i Sogn.