Prisen vart overrekt i Voss Fjellandsby i dag. Men først var det gardsbesøk på Ulvund, med demonstrasjon av utstyr som er gått ut på dato i meir straumlineforma landbruk.

— Utpeikinga av Ulvund som fylket sin prisvinnar har vekt merksemd. Helsingsbrev er komne frå Statens Landbruksforvaltning, Bioforsk og Direktoratet for naturforvaltning, fortel Steinar Sørli hjå Fylkesmannen.

Han minner om at grenda Herand i Jondal, som vann for to år sidan, gjekk heilt til topps i landssamanheng.

— Å vinna der, har eg rett og slett ikkje tenkt på. Eg er berre glad for den prisen vi no har fått, seier Kåre Ulvund, ein av grunneigarane på gardsbruka i brattlendet høgt over Myrkdalsvatnet og den nye tunnelen.

Kulturlandskapsprisen vert i år utdelt for 13. gong.