Som psykolog dreiv Rune Amundsen ein praksis som kunne vere skadeleg for pasientane, meiner Statens helsetilsyn. No tyder mykje på at han held fram som behandlar, utan at helsestyresmaktene kan gripe inn.

Dette er kva Amundsen har lagt ut på sine eigne nettsider www.enkilde.no, nesten eitt år etter at han miste autorisasjonen som psykolog:

«Følger opp klienter»

«(...) Fortsatt følger jeg imidlertid opp klienter som ikke er avsluttet på skikkelig vis, samt at jeg tar avgrensede dybdepsykologiske oppdrag. Blant annet har jeg tatt opp igjen tradisjonen med intensive behandlingsopphold på Batalden Havbu utenfor Florø.» (9. jaunar 2003) Og i eit anna dokument på sida: «(...) Du vet hvordan det er med trollene. Kapp av det ene hodet, så vokser det fram minst tre nye. Rune trapper nå opp igjen. Planen er å fortsette det gode samarbeidet med kolleger i helse— og sosialvesen. Videre vil vi etter hvert mer og mer fokusere vår innsats på det dybdepsykologiske området.» (4.mars 2003)

På desse sidene fortel Amundsen om saka han har gåande mot Helsetilsynet, og legg ikkje skjul på at han er fratatt autorisasjonen. Samtidig viser han ingen teikn til å legge opp som behandlar. Blant anna framgår det at han held såkalla intensivkurs basert på såkalla dybdepsykologisk perspektiv og metode.

Ikkje heimel til å gripe inn

I Norge finst det ikkje noko eige lovverk som regulerer alternative behandlingsformer. Aktørane innan denne bransjen er ikkje helsepersonell underlagt offentleg tilsyn. Ifølgje fylkeslege Petter Øgar i Sogn og Fjordane kan styresmaktene difor lite gjere for å stoppe eller kontrollere denne verksemda.

— I og med at Amundsen ikkje lenger har nokon autorisasjon, er han heller ikkje lenger for helsepersonell å rekne. Da må han betraktast som einkvar annan som driv alternativ behandling, seier Øgar.

— Dersom du ser vekk frå kvakksalvarlova, som i praksis ligg i dvale, så har vi ikkje noko heimel for å gripe inn.