Årdølene spanderer 50 millionar kroner på drikkevatnet og nettet får vasstrykk 1. juni. I Vik er investeringane halvparten så store, men vassgebyret blir det doble, skriv Sogn Avis.

Årdal kommune planla langsiktig i utfordringane med å skaffa 4.000 av 6.000 innbyggjarar drikkevatn som blir henta i to grunnvassbrønnar ved Årdalsvatnet.

— Me har justert gebyret gradvis over fleire år og sett auken inn på fond. Ved hjelp av denne manøveren unngår me eit kraftig byks for vassgebyret, seier prosjektleiar Arne Kjos til Sogn Avis.