— Om vi går mindre ut no enn før? Nei, no har vi jo nett byrja på'an igjen, ler Annbjørg Westad (51).

Saman med venninnene Cecilie Meyer (50) og Nina Lygresten (50) sit ho på Logehaven ein kald laurdagskveld. Røyk, varmelampar og Europes evigunge «The Final Countdown» på høgtalarane gjer ein viss varme. Og så det som er i glasa, sjølvsagt.

Mindre ute, meir på polet

Men ferske tal fortel at konsumet av øl på barar og restaurantar i fjor gjekk ned med 7 prosent. Brennevinserveringa minka med 5,6 prosent og salet av vin på utestadene gjekk ned 11,4 prosent.

Samstundes auka salet på Vinmonopolet med 4 prosent i same perioden. Tala tyder på at konsumet av sterkare drikke aukar. Totalforbruket vårt av alkohol auka også litt.

  • Det er grunn til å vera bekymra når folk flest, og særleg dei unge, drikk meir heime der det ikkje er nokon skjenkjekontroll, meiner Petter Nome, direktør i Bryggeri- og drikkevareforeningen.

Venninnene frå Åsane trur det er mange grunnar til at fleire vel å sitje heime.

— Det er mykje billegare. Det er blitt enklare og rimelegare å kjøpe ein treliter på polet enn det var før. Og så er det tilgang på mykje meir god mat i butikken, seier dei.

Finanskrisa trur dei ikkje har innverknad.

  • Ikkje for folk i vår alder. Vi har ikkje merka noko til den. Då har nok røykjeloven meir å si. Det blir kaldt å sitje ute for å røykje.

- Håplaus drikkekultur

  • Det er heile drikkekulturen som er problemet, at folk drikk mykje før dei går på byen, er ute ei lita stund og så går heim for å drikka meir, seier Nome.

At halvparten av landets kommunar innførte kortare skjenkjetider i 2008, har litt å seia for endringane i konsumet, trur han, samt at finanskrisa fekk folk til å gå mindre ut.

-Når politikarane prøver å regulera alkoholbruken ved hjelp av kortare skjenkjetid, gløymer dei at det ofte er både ulukker og vald knytt til heimekonsumet, seier Nome.

  • Politikarane har sett seg blinde på opningstidene. Prisane betyr mykje for om folk drikk heime eller ute, og det er avgjerande kven som får skjenkjeløyve og ikkje. Ukritiske tildelingar kan skapa utrivelege utemiljø. Det handlar om å gjera det attraktivt for folk å ta ein tur på byen, seier Petter Nome.

Det er damene frå Åsane einige i.

— Det har ikkje vore så mange plassar for folk i vår alder, sjølv om det blei betre då Banco Rotto opna igjen. Vi går nemleg ikkje på ripsplassar, ler dei. Går du mindre ut nå enn før? Si din mening om de nye drikkevanene.