PER MARIFJÆREN

TERJE ULVEDAL

GARD STEIRO

— Undersøkingar på åstedet i går kveld gjer at vi no kan seie at vi ikkje lenger står overfor eit mistenkjeleg dødsfall, men ei kriminell handling, seier Førde-lensmann Kjell Fonn.

Siste halvåret tok Anne Slåtten ofte ekstravakter på kveldar og helgar ved Førde Helsetun.

Dit var ho også på veg søndag morgon da den 23-årige førsteårsstudenten ved sjukepleiehøgskulen vart drept.

Stadfester drap

I går, nær halvanna døgn seinare, vart ho funnen i eit lite skogholt, kloss i den sterkt trafikkerte Angedalsvegen. Etter at funnet var kjent, rapporterte eit vitne at ho høyrde ei fortvila kvinnestemme som ropte i det aktuelle området søndag morgon.

— Ho høyrde to eller tre skrik i eit kort tidsrom. Vi kan ikkje seie sikkert om dette kom frå avdøde, seier Fonn.

I dag stadfester han at dei har fått ei drapssak i hende. Politiet i Førde la tidleg opp arbeidet deretter. Allereie før 23-åringen var funnen litt over klokka 12 måndag, bad dei om assistanse frå Kripos.

Like før klokken 2100 starta dei to tekniske etterforskarane frå Kripos arbeidet på åstaden. På staden var også professor Inge Morild frå Gades institutt.

— Vi vurderer no å om liket kan takast ut i natt, og håpar å kunne starte obduksjonen tirsdag, seier Fonn.

Sperra av området

Det var ein tilfeldig forbipasserande på veg til jobb måndag formiddag som oppdaga avdøde på grasbakken i eit skogholt kloss ved Førdehuset, berre eit par meter frå fortauet i Angedalsvegen.

Politiet sperra straks av området, og stengte litt seinare den sterkt trafikkerte vegen for all trafikk.

Lensmann Kjell Fonn vegra seg i går kveld for å gå i detalj rundt sjølve funnet, ut over at mykje tyder på at avdøde har lege på plassen ei stund.

Kripos på plass

23-årige Anne Slåtten var frå Hjelmeland i Rogaland, og starta på sjukepleiestudiet i Førde i august i fjor. Ho hadde tatt ekstravakter ved Førde Helsetun i helgane det siste halvåret, og var på vakt der så seint som laurdag kveld. Andre i kollektivet registrerte at ho gjekk på rommet ved 23.30-tida. Rundt 03.30 ringde kjærasten henne frå Rogaland. Samtalen var ifølgje politiet avtalt på førehand, og ingenting skal ha verka unormalt.

Neste morgon ved 06.30-tida høyrde ein bebuar i bukollektivet at nokon tok ein dusj i bygget. Politiet trur dette var den avdøde kvinna.

Men Anne Slåtten dukka ikkje opp på jobb som avtalt klokka 07.30, og vart meld sakna same ettermiddag.

Etter omfattande, men resultatlaus leiting både søndag kveld og måndag var det ein tilfeldig forbipasserande som oppdaga kvinna litt over klokka 12.

Politiet til staden ca klokka 12.20, sperra straks av området og etterkvart også sjølve Angedalsvegen for all trafikk. Sjølve åstaden vart tildekka og elles liggjande urørt inntil Kripos kom til Førde i går kveld.

Vil ha fleire tips

Det var på pressekonferansen i går at kom politiet med opplysningane om dei fortvila ropa som skal ha blitt hørt søndag morgon.

Vitnet som høyrde ropa, skal ikkje hatt direkte sikt til funnstaden frå der ho oppheldt seg. Vitnet kan heller ikkje tidfeste skrika nøyaktig, ut over at det var tidleg søndag morgon, opplyste lensmannen.

Naboar i området fortel elles at det ikkje er uvanleg med skrik og skrål langs denne vegen i helgane når fuktige festdeltakarar er på veg heim seint om nettene og på morgonkvisten.

Politiet legg no opp til ei breitt anlagt taktisk etterforsking. I tillegg til ressursane frå Kripos, arbeidde rundt 12 lokale polititenestemenn med saka i går.

— Kor sikre kan politiet vere på at det ligg noko kriminelt bak?

— Vi må vente på tilbakemeldingane frå Kripos sine granskingar før vi seier noko om det, sa lensmannen i går kveld.

Da hadde politiet fått inn mellom 10 og 12 tips frå folk som har observert eller høyrt noko i området i det aktuelle tidsrommet.

Framleis ber politiet alle som har vore i det aktuelle området søndag morgon om å melde seg.

— Dei kan ha opplysningar som kanskje verkar uvesentlege, men som kan vere svært viktige. Lat oss få avgjere det, seier førstebetjent Dag Øyen ved Førde lensmannskontor.

LENSMANN: - Vi håpar å kunne starte obduksjonen tirsdag, seier lensmann Kjell Fonn.
DØD: Sjukepleiestudent Anne Slåtten.