TERJE ULVEDAL

DAG IDAR TRYGGESTAD

PER MARIFJÆREN

ØYSTEIN TORHEIM

— Det framstår som eit seksuelt motivert drap. Vi festar ikkje lit til tiltalte si forklaring, seier statsadvokat Bjørn Kr. Soknes.

Han har ei lang bevisrekke å bygge på:

  • På kroppen til Hedda er det funne bitmerke som stammar frå tiltalte.
  • Hedda var avkledd nedantil.
  • Den drepne hadde skader etter spark eller slag fleire stader på kroppen, mellom anna i hovudet.
  • Det vart funne til dels store blodmengder på hybelen. Kripos seier spreiinga viser at det har vore kamp.

Felt av eigne ord

Viktigast av alt er Hashins eiga forklaring. I avhøyr har han i detalj fortalt om hendingar inne på hybelen som fortel om overgrep nok til å dømme han for valdtekt.

Hassan Hashin tilsto i går å ha drepe Hedda, men han nekta for seksuelt overgrep. Han reserverte seg kraftig frå det han har sagt til politiet, og hevda han ikkje hugsar alle detaljane frå hybelhuset.

— Når teknikarane legg fram sine resultat tysdag, vil saka vår stå styrka, meiner Soknes.

Hedda og Hassan hadde kjent kvarandre i to månader, dei var vener og i følgje tiltalte hadde dei eit seksuelt forhold.

Hassan levde derimot eit dobbeltliv. Han var gift og heldt venskapen til Hedda skjult. Berre eit par av kameratane visste om det.

Krangla på utestad

Kvelden då Hedda vart drepen, hadde ho avtalt å møte Hassan på utestaden Meieriet. Her fekk ho vite ting som politiet trur førte til eit seksualdrap få timar seinare.

For ein av Hassans vener skal ha fortalt Hedda at Hassan var ein gift mann. Det vart då ein konfrontasjon dei to imellom. Vitne har fortalt at dei krangla høglydt.

Utpå kvelden gjekk Hedda og Hashin mot hybelhuset ved Sogndal folkehøgskule. Inne på hybelen trur politiet at Hedda avviste Hassans ønskje om sex, nettopp fordi ho no var kjend med at han var gift.

Politiet trur denne avvisinga utløyste eit voldsomt raseri hos Hashin, og at det enda med valdtekt og drap.

Ingen høyrde noko

Ingen vitne har sett Hashin verken kome inn i eller forlate hybelhuset. Ei heller har nokon høyrt bråk eller støy frå hybel 208 der Hedda budde. Det kan forklarast med at tiltalte har halde noko for munnen hennar. Det er også eit faktum at det var få bebuarar heime på naboromma den natta.

Etter drapet gjekk Hashin heim. Morgonen etter gjekk han på jobb, og bad om permisjon i 19 dagar. Deretter drog han i banken og tok opp lån.

Politiet visste på dette tidspunktet lite om at dei hadde drapsmannen i skranken få timar før alarmen gjekk. Hashin ville då skaffe seg nytt pass. Her gjorde han ein feil. Han leverte inn det gamle passet, utan å rekke å få ut eit nytt.

Det hindra han i å reise ut av Schengen-området på lovleg vis.

UTSPURD: I timesvis forklarte Hassan Hashin (til høgre) kva han meiner skjedde den fatale oktobernatta i fjor. Statsadvokat Bjørn Soknes (frå venstre), tingrettsdommar Steinar Velle og forsvarar, advokat Herrman Hoff fulgte nøye med.<p/>TEIKNING: GRO VIK