På ein pressekonferanse no klokka 12 gjekk politiet ut med namn på dei to omkomne. Det skjer etter at dei pårørande har samtykka til det. Dei omkomne er Hildegunn Seljen og Magnar K. Bakke (57).

Les òg: Drepen på høglys dag

Politiet held fast ved at Bakke tok livet av Seljen, før han skaut seg sjølv.

På pressekonferansen kom det også fram at politiet kan fastslå Seljens dødstidspunkt til klokka 14.15.

Vitne har forklart at dei først høyrde to skot i rekkjefølgje. Deretter høyrde dei eitt skot til. Ei tid etter skal dei ha høyrt fleire skot, men desse hadde ein annan lyd enn dei første.

– Vi veit ikkje noko om årsaka til denne tragedien. Det er heller ikkje sikkert at vi nokon gong vil få vite det sikkert, seier lensmann Webjørn Moa i Eid.

Politiet opplyste også at dei to døde låg oppå kvarandre då dei blei funne seint tysdag kveld. Mannen låg øvst. Dei avdøde skal obduserast på Gades Institutt i morgon.

Ordførar Sonja Edvardsen i Eid var med på pressekonferansen. Ho karakterisere hendinga som ein tragedie.

– Kommunens fremste oppgåve blir å hjelpe familiane.

**Les også:

Får hjelp av Kripos |

Sjalusi er ofte motivet**

ØYSTEIN TORHEIM