Mannen har drive ein serveringstad i Drammen, ein i Austevoll og dreiv ei tid sportsbutikk på Husnes og i heimbygda Sæbøvik, dit han vendte tilbake på 90-talet.

61-åringen var eit velkjent fjes på dei to utestadene i bygda, men skal elles ha levd relativt tilbaketrekt i huset sitt.

Ifølgje folk som kjende han, deltok avdøde på lukka privatfest på ein av utestadene sist søndag, og han var også observert på bygdas andre utestad måndag kveld.

Folk skildrar 61-åringen som ein triveleg kar å treffe ute, ein kamerat av han brukar attpåtil ordet «karismatisk». Han kjenner ikkje til at det skulle ligge noko uoppgjort i fortida hans. Han seier venen som regel syntest å ha nok pengar mellom hendene.

Politiet avviste i går kategorisk å kommentere dei mange spekulasjonane som no verserer rundt tragedien på Sæbøvik, og held inntil vidare fast på uttrykket mistenkeleg dødsfall. I dag vil det truleg bli klart om det er eit drap politiet står overfor i den vesle bygda i Sunnhordland, eller om det er snakk om ei form for naturleg dødsfall.