EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bergens-tidende.no

Konklusjonen frå statsautorisert revisor Terje Knudsen er klar: Ved utgangen av 1999 fanst det ikkje grunnlag for vidare drift i Take Off Travel, reisebyrået til bergensaren Bjørn Just Sjursen. Eigenkapitalen viste eit minus på 722.000 kroner, og det fanst fleire ubetalte rekningar som tyder på at vanskane melde seg allereie midt i 1999. Det er ikkje lov å halde fram drifta ved hjelp av andres pengar i eit selskap som er insolvent. Det blir no opp til politiet å vurdere om Bjørn Just Sjursen, som personleg åtte det skandaliserte reisebyrået, har brote straffelova. Totalhavari i 1999 Sjursen er meldt til politiet av fleire som meiner seg svindla, etter ikkje å ha fått Spania-billettane dei hadde betalt for. Heilt fram til juni i fjor selde Sjursen flybillettar — seks månader etter at revisor meiner handkleet skulle vore kasta inn. Fleire tital turistar måtte kome seg heim frå Spania på eiga hand då selskapet gjekk over ende i fjor sommar og alle fly vart kansellert.Bustyrar Kaj Wigum har fått inn krav på 2,8 millionar kroner til det verdilause buet.Revisor Terje Knudsens gjennomgang av Take Off Travel viser at det gjekk ualmineleg raskt utforbakke på tampen av 1999. Første halvårsreknskap viste eit overskot på 450.000 kroner, medan årsresultatet endte med eit underskot på 819.000 kroner.Det ramma Bergensbanken hardt, som utvida kassakreditten etter å ha fått presentert dei pene halvårstala. Banken tapte meir enn 800.000 kroner på konkursen. Under etterforsking Revisor Terje Knudsen har ikkje funne dokumentasjon for at Sjursen har brukt selskapet til sjølv å svindle til seg pengar. Rot med reknskap og bilag og manglar ved kassaboka tyder på at det "kan ha vært "en økonomi i økonomien", men neppe mer", skriv Knudsen. Politiet har enno ikkje avslutta etterforskinga av Sjursen.- Vi skal no gå igjennom revisors rapport, seier avdelingssjef Roald Korsøen ved økonomiavsnittet i Bergen politidistrikt.I tillegg til krav frå sinte sydenturistar har Sjursen også fått Aetat på nakken. Dei vil ha att 180.000 kroner som Sjursen fekk utbetalt i arbeidsløysetrygd medan han dreiv reisebyrå - trygd dei meiner han ikkje hadde krav på. Sjølv forklarer Sjursen fallitten med at han vart ramma av at Color Air ga opp hausten 1999. Han er dessutan misnøgd med at Bergensbanken skrudde att pengekrana i juni i fjor, rett før konkursen.- Sjursen ønskjer at Bankklagenemnda skal sjå på ein del av desse transaksjonane. Så får vi sjå, seier Egil Jordan, advokat for Bjørn Just Sjursen.