Politiet fann til saman 5,3 kilo hasj i Høyanger-mannens husvære og bil i januar 2001. I juli same år vart den 24 år gamle mannen dømt til fengsel i to år og fire månader samt 47.000 kroner i inndragning.

Rohypnol pr. mobil

Medan han sat i varetekt og venta på denne rettsaka, skal 24-åringen ha drive omfattande sal av narkotiske tablettar, ifølgje den nye tiltalen frå statsadvokaten.

Ifølgje politiet skal dette ha skjedd ved hjelp av ein mobiltelefon dei meiner han hadde tilgang til på i cella i fengselet i Vik i Sogn.

Politifullmektig Asbjørn Onarheim vedgår at ein varetektsfange normalt ikkje skal ha tilgang på mobiltelefon på cella.

— Likevel meiner vi at det er slik dette har skjedd, seier Onarheim til Bergens Tidende. - Ut over dette vil eg ikkje kommentere detaljar i saka før hovudforhandlinga.

Ifølgje den fem punkt lange narkotiltalen initierte og organiserte han handel med ca. 500 rohypnoltablettar til ein namngitt person i mai/juni 2001. Og før 21. april 2001 skal han ha ordna salg av 1170 diazepamtablettar til ein namngitt person og ca. 700 tilsvarande tablettar til ein annan namngitt person.

Kritiserer politiet

Politiet opplyser at dei andre involverte i saka allereie har fått sine dommar. Tiltalapunkta som gjeld narkosal frå varetektscella er ifølgje Onarheim ikkje noko resultat av forklaringane dei øvrige involverte ga under rettsaka.

24-åringen er også tiltalt for kjøp og sal av rundt 400 gram hasj til to personar, men desse forholda skal ha skjedd forut for varetektsfengslinga i den store hasjsaka i januar 2001.

I tillegg til krav om fengselstraff vil påtalemakta legge ned påstand om inndragning av fortenesta tiltalte skal ha hatt av narkohandelen.

Saka skal opp for Ytre Sogn tingrett den 9. januar 2003, der 24-åringen blir forsvart av advokat Louis Anda. Tiltalen har ei strafferamme på inntil to års fengsel.

Anda er kritisk til politiets tidsbruk i denne saka.

— Det er meir enn halvanna år sidan desse forholda vart kjent, og eg meiner politiet har brukt altfor lang tid, seier forsvararen. - Normalt skulle han no ha vore prøveløslatt etter den forrige dommen. Min klient sit framleis på soning på grunn av denne nye saka som kjem opp i januar.