Dregen av grunn

«Bourbon Dolphin» har slept den tyske minesveiparen «Grömitz» av grunnen. På vei til Haakonsvern.

Den tyske minesveiparen «Grömitz» blei dregen av skjeret med knirking og brak. Båten hadde full fart akterover og flyt no. Det var fjerde forsøk på å få båten av grunnen. Tidlegare i dag har tre forsøk mislukkast.

Det første forsøket «Bourbon Dolphin» gjorde på å dra «Grömitz» av land var mislukka. Forsøket vart gjort klokka 14.15, og måtte avsluttast då slepelina rauk.

Mannskapet på «Bourbon Dolphin» har kasta lina over til den tyske havaristen. Ifølgje kapteinen er det eit mannskap på 40 om bord.

Eit nytt forsøk på å dra den tyske minesveiparen av grunn mislukkast like før klokka 15. Denne gongen var det krokfester festa på den tyske minesveiparen som rauk.

Også ved 16-tida vart det gjort eit mislukka forsøk på å dra minesveiparen av grunn. Det var det tredje forsøket som gjekk gale i dag.

«Grömitz» ligg på grunn med ei kontaktflate på 2,5 kvadratmeter. Minesveiparen står truleg fast på ekkolodd-domen som stikk ut frå skroget under båten.

Under det mislukka slepet i går var det brukt ei trosse på 32 millimeter. I dag er trossa 77 millimeter tjukk.

«Bourbon Dolphin» er eit nytt og moderne ankerhandteringsfartøy med ei trekkraft på rett i underkant av 200 tonn.

- Fartøya som har prøvd å dra marinebåten av grunnen tidlegare, har hatt langt mindre trekkraft. Når dei har klart å rikke båten, trur vi «Bourbon Dolphin» skal klare oppgåva, seier Eide.

Både ved flo sjø i går ettermiddag og i natt blei det gjort fleire forsøk på å dra «Grömitz» av skjeret han står på vestsida av øya Askrova. Men alle forsøka mislukkast.

- For oss er dette eit heilt vanleg slepeoppdrag, seier Eide.

Les også:

Siste fra Lokalt

Sentralbadet blir til prøvesaler

Teater og dans kommer inn når vannet tømmes ut.

o Flammer og røyk fra
lastebil i morgenrushet

Stikkflammer og røykutvikling fra lastebil utløste storutrykning i morgenrushet.

Byrpådet setter egen politikk på vent

Byrådet sier nei til forslag som ville gitt det offentlige mer konkurranse fra private.

Gigantpropellen som
skal gi Tall Ships-triumf

En 600 kilo tung, tysk seilpropell skal øke gullsjansene til galeasen S/S «Loyal» under årets Tall Ships Races.

- Mye å lære av skolen i Sogn og Fjordane

Skoleresultatene i Sogn og Fjordane er et godt argument for å holde på små skoler og distriktshøyskoler, mener Anne Tingelstad Wøien (Sp).

Kokkenes grunnlovs-kamp

Jordskokk, sosekjøtt, prinsefisk og hvit dame konkurrerte om en plass på menyen når Grunnloven skal feires 14. mai.

Bilder

FOTO: Oddleiv Apneseth (mms)

FOTO: ODDLEIV APNESETH

FOTO: Apneseth Oddleiv

FOTO: Apneseth Oddleiv