Aftenpostens administrerande direktør har fått søknaden om å gjera eit naust i Klostervågen på Halsnøy om til hytte i retur frå Kvinnherad kommune. I eit grundig svar nemner Mugaas fleire grunnar for at han bør få dispensasjon for ei bruksendring.

Olav M. Mugaas sin bestefar var frå Halsnøy, mora vaks opp på øya. Den mektige mediemannen — som også er med i NHOs arbeidsutval, er nestleiar i Mediebedriftene Landsforening (MBL) og styreleiar i avisa Sunnhordland - har i fleire år hatt hytte i nærleiken av naustet han no søkjer om dispensasjon for.

Vil ha arbeidsro

Olav Mugaas skriv i søknaden sin at han har eit sterkt behov for å ha eit område på feriestaden sin der han kan jobba uforstyrra og utan å vera til ulempe for resten av sin ferierande familie.

Han skriv at han i kraft av yrket sitt og alle verva sine må vera tilgjengeleg 24 timar i døgeret, også på hytta. Derfor ynskjer han å innreia naustloftet som arbeidsrom og soveplass.

Mugaas viser til at Kvinnherad kommune før har gitt dispensasjon i tilsvarande saker. Dessuten legg han ved samtykkje til bruksendring frå nabo og grunneigar.

Ingen kommentar

Det er avisa Kvinnheringen som omtalar dispensasjonssøknaden i dag. Mugaas ønskjer ikkje å kommentera innhaldet i søknaden overfor bt.no.

Næringslivstoppen Olav Mugaas skriv at han i kraft av yrket sitt og alle verva sine må vera tilgjengeleg 24 timar i døgeret, også på hytta. Derfor ynskjer han å innreia naustloftet som arbeidsrom og soveplass.