«Draupner» vert likevel ikkje sett inn i ordinær rute, men vil i framtida kunne setjast inn på dagar med stor trafikk og ellers brukast til charterturar. Etter Sleipner-ulukka 26. november 1999, vart «Draupner» sitt sertifikat inndrege. Etter omfattande testar og ombygging, fekk «Draupner» sertifikatet tilbake 8. mai i år – slik at båten no kan gå i ordinær passasjertrafikk.