• Eg kan hoppe 230 meter, seier Anette Sagen kontant. Dersom ho får fart nok - og dersom ho får lov.

ELLEVE MINUSGRADER på Granåsen utanfor Trondheim skremmer ikkje gutane frå å kome hit i kveld. Ikkje jenta heller, sjølvsagt. Ho kjem berre litt seint til det lokale hopprennet. Det går med eit skrik, trur Anette Sagen. Ein halvtime før prøveomgangane byrjar, har ho endå ikkje skifta klede eller varma opp.

— For ein hektisk dag! Eg har ikkje ete sidan fem i dag tidleg, pesar ho og forsvinn inn i mylderet av urolege gutekroppar i garderoben. Her skiftar ho ublygt til hoppdress, blir ståande i berre underbuksa, medan skravla går.

Anette er ein av gutane, og i dag skal ho hoppe i same klasse som dei etter ein del masing. Ho vil ikkje starte i eigen klasse, kva skal det vere godt for? Åleine i klassen? Kva slags konkurranse er det?

Anette er best i verda. Konkurrentane hennar er først og fremst norske Henriette Smeby og svenske Helena Olsson. I Austerrike bur Daniella Iraschko og i USA er det eit par-tre jenter som hoppar på same nivå som henne. Stort fleire er dei ikkje, og dette blir brukt mot dei. Fordi dei er så få, får dei ikkje konkurrere i OL eller VM, og dei får ikkje ha sin eigen verdscup. Jentene får heller ikkje lov til å hoppe i skiflygingsbakkane. Dei skal helst halde seg til K-70 og K-90, meiner Torbjørn Yggeseth i det internasjonale skiforbundet (FIS).

— Pøh, seier Anette Sagen.

- Å HOPPE ER Å FLY , seier Anette.

4 år gammal stilte ho i sin første hoppkonkurranse. 11 år gammal fekk ho dei første hoppskia sine. På den tida drøymde ho om hoppveka, om OL og verdscupen. Ho tenkte aldri at ho var annleis enn dei andre ho hoppa saman med. Kvifor skulle ho ta til takke med småbakkane? Fordi ho var jente?

Etterkvart forstod ho samanhengen, og ho blei presentert for Torbjørn Yggeseth. Dette er ein mann som ikkje lar seg affisere av at samfunnet elles praktiserer likestilling. Heilt nyleg sjokkerte han igjen då han for open mikrofon hevda at «Slipper vi først èn pike til, så har vi dem der alle sammen. Og det kan vi ikke ta ansvar for».

Men Anette vil ikkje høyre snakk om at den forgubba gjengen i FIS skal ta ansvar for henne. Ho kan ta ansvar for seg sjølv.

— Dei er liksom redde for at vi skal tippe rundt og slå oss. Men er det noko betre når gutane slår seg, spør ho irritert.

Jentene startar høgare oppe enn gutane for å få større fart. Dette gjer at dei i prinsippet kan hoppe like langt. Yggeseth er redd for at publikum ikkje skal skjøna forskjellen, og at idretten derfor vil miste status, trur Anette.

— Publikum bryr seg vel ikkje, så lenge vi hoppar langt? Forklaringane til FIS held ikkje mål. Vi blir stengt ute fordi vi er jenter, og dette gjer det ekstra sårande, seier ho.

TRENAR GEIR JOHNSEN tar eit godt tak i hoppdressen til Anette ved midja, kjenner om han sit som han skal. Det gjer han ikkje. - Eg har aldri fått ein hoppdress som passar. Alle hopparane sender med mål av kroppen som skreddarane skal sy etter, men til meg blir det alltid feil, anten for stram over baken, eller for vid over midja.

Anette går ned i hoppstilling på bakken, tar sats og kastar seg opp i lufta. Trenaren tar i mot henne og held henne i sveveposisjon på strake armar. Han hiv henne ned og ho kastar seg opp att til ho blir varm i kroppen.

Det er denne rørsla som er løyndomen bak hoppsportens magi: Det handlar om å ta sats, om å hive seg utfor kanten og vere i svevet i nokre få sekund, for så å lande på begge beina igjen. Du kan høyre det når du står ved kulen og kroppane kjem svevande gjennom lufta. Du kan høyre suset i lufta, som plantar seg vidare til tilskodarane sine magar: Kvart einaste hopp er eit sug i magen. Det er slike augneblinkar av fryd og uvisse som er svevet sin særeigne magi.

ANETTE SVEVER 92 METER i 90 meters bakken i kveld. Ho har hoppa 136,5 meter på det meste i 120-metersbakken på Lillehammer, og ho har den kvinnelege bakkerekorden i Holmenkollen. Men ho vil sveve lenger. Ho vil hoppe i skiflygingsbakkar der ho kan halde seg svevande i endå eit par sekund. I år må det vel skje?

— Elles er det noko gale med verda, seier ho.

Anette har ein særeigen måte å stå på. Ho lar liksom kroppen kvile framover på dei stive hoppskoa. Ho ser kul og uanfekta ut mellom omgangane. Dette er eit mororenn, mest som ei trening å rekne.

— Eg gidd ikkje vere misnøgd, seier ho om resultatet.

Det mest perfekte hoppet hadde ho i NM i fjor. Det er desse augneblinkane, dei perfekte hoppa, ho lever for. Likevel vurderer 19-åringen å leggje opp.

— Eg mister motivasjonen. Eg kan ikkje halde fram meir enn eit par år til, dersom eg ikkje får lov til å vere med på alvor. Eg må dessutan ha noko å leve av òg, må utdanne meg og få meg eit arbeid.

Premiane ho får i internasjonale tevlingar er ikkje noko å bli rik av: tolv boksar slovensk cola er eit døme. Ein koffert med nokre matvarer er eit anna døme, som står i sterk kontrast til gutane sine pengepremiar.

— Det er nesten ei hån. I Norge får vi i det minste fine smykke, seier ho.

SKIHOPPING FOR JENTER er inga moderne oppfinning. Den første jenta sette utfor i 1863, og sidan den gong har barske jenter alltid søkt til hoppkanten. På 1930-talet var Johanne Kolstad og Hilde «Nusse» Braskerud publikumsyndlingar. Seinare kom systrene Strømstad og Ella Guldbransen. Men først med Anita Wold på syttitalet rauk dei førti år gamle rekordane til Johanne Kolstad.

Det har gått påfallande seint med den kvinnelege hoppidretten. Ein skal ikkje lenger tilbake enn 1950-talet før det var vanleg å hevde at kvinner ikkje kunne få ungar dersom dei hoppa på ski etter fylte 12 år.

— Noko så dumt, seier Anette Sagen.

Ho kan ikkje tenke på det utan å bli rasande. Ho vil berre hoppe, vil ikkje ha alle desse diskusjonane. Ho hadde strengt tatt ikkje vore feminist heller, om det ikkje var for mennene i FIS. Men kven kan vere noko anna enn feminist under slike forhold?

På kvinnedagen i fjor, triumferte Anette og dei andre hoppjentene ved å sette utfor i Holmenkollen trass i at Yggeseth og co først hadde nekta dei å vere med på det tradisjonsrike rennet. Til og med årskvinnekonferansen i Oslo Arbeiderparti engasjerte seg i saka den gong.

— Eg hoppar lenger enn Yggeseth nokon gong har gjort, seier Anette liketil.

OM DET GÅR SAKTE framover, er det i alle fall slutt på den tida då jentene gøymde håret under lua for å unngå hets frå tilskodarane. På femtitalet hadde ingen sett noko så ukvinneleg som hoppande jenter. Det gjekk til og med rykte om at det var dei mest gifteklare jentene som tok til hoppinga. Nokon kunne også rapportere om hoppjenter som leska seg med øl og sat med beina på bordet!

Anette lar flettene henge fritt. Det skal ikkje vere tvil om at det skjuler seg ei jente under den digre dressen, og då må ikkje håret henge laust, som hos dei langhåra gutane ho delar garderobe med. Mange av dei er så tynne og små, at ein kan ta dei for å vere jenter når dei kjem svevande gjennom lufta. Den største forskjellen mellom dei og Anette er at Yggeseth vil ta ansvar for gutane, men ikkje for henne.

— Eg får eg neppe realisert draumen min, men eg har ei viktig rolle overfor dei jentene som kjem etter meg. Eg har innfunne meg med dette, og tatt rolla mi. Men eg har jo satsa heile ungdomstida mi på dette, og kven veit? Kanskje eg kunne blitt skikkeleg god i langrenn, eller i fotball dersom eg starta tidleg nok?

Anette blir stille ei stund. Ho er nøktern og heilt fri for bitre eller sentimentale fakter.

— Eg skulle ønske eg òg var 11 år i dag, seier ho og hentar fram eit avisutklipp frå lomma. Ei 11 år gammal hoppjente frå Orkdal er blitt intervjua i Adresseavisa. Biletet viser den vesle jentekroppen i svevet over hoppkanten.

— Eg likar særleg siste setninga, seier Anette og peikar på sitatet:

«Jeg håper at jeg en dag blir like god som Anette Sagen.»

SATSA UNGDOMSTIDA: Anette Sagen sin draum kan ikkje realiserast så lenge Det internasjonale Skiforbundet ikkje tek henne og andre hoppjenter på alvor. Då hjelper det ikkje kor mykje Norges Skiforbund støttar dei. 16 år gammal flytta Anette frå Mosjøen til ein hybel på Heimdal for å gå på idrettsgymnas. Heile ungdomstida har ho satsa på skihopping. <br/>Foto: JAN M. LILLEBØ