• (1/5)
    NØYE KONTROLL: Rune Storholm held kontroll med fangstane i Vosso denne kvelden. Fylkesmannen krev all slags dokumentasjon frå forskingsfisket. Laksen som Torodd Rimstad fekk på kroken, skulle eigentleg vore sleppt ut att, men sluken hadde sett seg i gjellene, og då ville han uansett ikkje ha overlevd. Her er opplivingsforsøket nett avblåst og laksen blir teken på land. 7,2 kilo laks kjem såleis ein eller annan institusjon til gode. FOTO: Rune Sævig

Draumen om Vossolaksen

På byrjinga av 80-talet såg Torodd Rimstad ein reportasje om Vossolaksen på Norge Rundt. No heng det ein rugg som er hans i ei mosegrodd selje.