Erlend Bøe (16) fortalde onsdag at han ville mobilisere til ei støttemarkering for Israel i Florø.

Fredag kveld er det i Florø allereie planlagt eit fakkeltog til støtte for palestinarane, i regi av lokalpartia til SV og AP, samt LO. I samband med dette planla Bøe å stille seg på fortauet for å vifte med eit Israelflagg. Han oppfordra også fleire Israel-venar til å bli med. Då han fortalde dette til Firdaposten, lot ikkje reaksjonane vente på seg.

— Då eg kom heim frå skulen, fekk eg ein drapstrugsel. Eg blei rysta over å sjå korleis nokon prøver å innskrenke ytringsfridomen min, seier Erlend Bøe, fylkesformann i Fremskrittspartiets Ungdom (FpU) i Sogn og Fjordane.

«mister du livet og alt»

Då Bøe logga seg inn på profilen sin i nettsamfunnet Nettby, fekk han denne meldinga i fleisen:

«jeg gir dg siste sjanse om slutte med å snakke mye, elr så mister du du livet og alt, jævle rasist, en gang til ser jg på avisa at du skrive noe mot utlandning elr noe, jeg fucker dg opp dg og faren din og hele familien din, jeg sender på dg hele oslo folka», er ein del av meldinga, som Bøe har vidaresendt til bt.no.

Meldt til politiet

I dag gjekk Bøe på politistasjonen for å melde forholdet, i håp om at politiet kan finne ut kven som står bak. Nils Erik Eggen, politistasjonssjef i Flora, stadfestar at dei har teke imot meldinga. Dei arbeider no med å sjekke elektroniske spor.

— Saka vil bli vurdert og etterforska på vanleg måte. Alle trugslar som blir framsett på denne måten må vi ta på alvor, seier Eggen.

Ungdomspolitikaren reagerer sterkt på trugsmålet.

Er redd

  • Eg vurderte først om det var ein spøk, men kom til at det var seriøst. Eg blei utruleg redd, og kvir meg for å gå ut. Personen har til og med truga heile familien min, seier Bøe.

Ifølgje Bøe var ikkje den planlagde Israel-markeringa under fakkeltoget for palestinarane, meint å vere provoserande.

— Eg ser ikkje problemet med det. Eg respekterer deira meiningar, og då må dei respektere mine.

I ettermiddag var Bøe usikker på om han kjem til å gjennomføre motaksjonen torsdag.

— Eg har lyst, men når det kjem slike trugsmål, blir ein usikker.

Sei di meining om krigen i Gaza i feltet under!

PRIVAT