— Er du hjå politiet og melder meg? Dersom du er det, kjem eg til å drepe deg!

På høgtalar

Slik ordla den 34 år gamle sunnfjordingen seg på telefonen overfor den dåverande kjærasten sin. Kvinna sat i politiavhøyr då ho mottok samtalen, og mobilen hennar stod på høgtalar. Slik vart politiets avhøyrsleiar vitne til drapstruslane, som var eitt blant mange forhold kvinna ønskte å melde 34-åringen for.

Etter episoden nekta kvinna å forlate politihuset i Florø før politiet hadde rykkt ut og pågripe den tidlegare sambuaren hennar.

Tablettar med tvang

Mannen er no dømt for omfattande og gjentatt valdsbruk mot kvinna. Blant anna skal han ved eitt høve ha brukt makt for fysisk å tvinge kvinna til å svelgje narkotiske tablettar, ifølgje dommen i Fjordane tingrett. Han er også dømt for narkotikabruk, truslar med kniv og for å ha hatt ulovlege våpen på seg.

Dømt 15 gonger tidlegare

Aktor la i retten ned påstand om eitt år og tre månaders fengsel for mannen, medan dommen lyder på eitt år og to månader. I tillegg skal domfelte betale 50.000 kroner i oppreisingserstatning til kvinna.

34-åringen er domfelt for valds-, vinnings- og narkotikakriminalitet femten gonger tidlegare.