Paret som plukka opp mannen, spøkte seinare seg imellom med at politiets fantomteikning likna han omtrent på ein prikk.

Så fantastisk var tanken på at han skulle ha drepe nokon at dei slo tanken fra seg og lot vere å melde fra om det som hadde skjedd.

Ove Sletteland og sambuaren var på veg til eit famileselskap da dei ved 09.30-tida om morgonen søndag 6. juni i fjor kjørte opp E39 Halbrendslia ved Førde sentrum. I vegkanten fekk dei auge på at ein kjenning — den no drapstiltalte 42-åringen - som dei bestemte seg for å ta med.

— Han haika ikkje, berre stod der og hang, fortel Sletteland, som sjølv ikkje er stemna som vitne i drapssaka. Det er derimot sambuaren, som sat bak rattet denne junimorgonen.

For fantastisk

— Eg spurte han kvifor han stod der, og han svara at han venta på bussen. Da eg sa at det ikkje kom nokon buss no, sa han at den kom halv tolv. Da var klokka halv ti, fortel Sletteland.

Han fortel at han ikkje merka noko spesielt ved drapstiltalte undervegs på den 18 kilometer lange bilturen til vegkrysset ved Hjelmeland i Gaular.

— Det lukta jo alkohol av han , men vi merka ikkje at han var prega av noko spesielt, seier Sletteland, som var passasjer framme.

— Han sat på plassen bak førarsetet og prata med barna. For å vere ærleg snudde eg meg ikkje spesielt mykje bakover og såg på han.

Og da fantomteikninga langt seinare kom i avisene, la dei altså merke til likskapen. Men tanken var for fantastisk til at paret kunne tru det var sant.

- Ikkje overstadig

I retten hevda 42-åringen at han knapt hugsa kva han hadde gjort etter at han forlot vorspielet i Bygstad. Han hugsa berre å ha prata med ein person på utestaden Riverside i Førde. Det var trailersjåfør Odd Arve Grytten.

— Han hadde drukke, men var ikkje spesielt full, ikkje overstadig, seier Grytten.

Han fortel at 42-åringen satt ute på røyketerassen og tekna på ein serviett.

— Han er grådig flink å teikne.

— Virka han på nokon måte unormal?

— Nei, ikkje i det heile tatt. Det var heilt uverkelig då han blei sikta for drap.