Klokka 22.03, ein julikveld i fjor, ringde den no 37 år gamle kvinna til politiets naudtelefon.

Meldinga var noko uklar: Det låg ein død mann i eit hus på Sandvoll i Kvinnherad, og det var blod der.

Tjuveri og drap

I dag møter to venninner i Sunnhordland tingrett. Dei to kvinnene, 37 og 48 år gamle, er tiltalt for forsettlig drap av Sigmund Gravdal (65), onsdag 24. juli 2013. Dei to blei gripne av politiet natt til 25. juli.

Begge nektar straffskuld. 37-åringen, som er frå Bergen, innrømmer derimot andre punkt i tiltalen, om tjuveri fra Gravdal, innbrudd og tyveri fra nabobustaden til Gravdal og ruspåvirket kjøring.

Den eldste kvinna nektar straffskuld for alle punkta. Ho har derimot erkjent å ha utøvd vald mot Gravdal, men har i politiavhøyr forklart at ho handla i naudverge.

Pose med Gravdals ting

Drapskvelden, ikkje lenge etter at politiet fekk melding, vart Gravdal funnen død i yttergangen i sin eigen bustad.

Åstaden bar preg av kamp og rot, med ei lang rekkje møblar velta i stova.

Kort tid etter blei først 37-åringen arrestert hos ein slektning. Ho overleverte kjapt ein pose til politiet.

FORSVARARAR: Odd Arild Helland (til v.) og John Christian Elden forsvarer dei to drapstiltalte kvinnene.
Øyvind Lefdal Eidsvik

Innhaldet var blant anna Gravdals mobiltelefon. Lommeboka til den andre kvinna var òg i posen. Inni låg eit kredittkort med namnet til Gravdal på, ifølgje aktor, statsadvokat Trond Høvik.Under ein time etter blei også den no 48 år gamle kvinna pågripen i heimen sin i Kvinnherad.

Mykje blod

Gravdal blei funnen med store skadar på heile kroppen, og særleg mot hovudet.

— Det var diverse stumpvold-skader, med mykje blødning, der skadene i hovudet har vore den størsteårsaka, sa Høvik.

Gravdal blei funne av politiet nær eit døger etter at han truleg blei drepen. Dødstidspunktet er rekna å vere i starten av døgeret 24. juli, men med fleire timars feilmargin, ifølgje obduksjonsrapporten.

Både øks og hammar med Gravdals blod på blei funne på bustaden hans.

Drapssaka går over ti dagar i Sunnhordland tingrett.