Tysdag morgon sette den no 48 år gamle kvinna seg i vitneboksen i Sunnhordland tingrett. Ho står tiltalt for forsettleg drap på Sigmund Gravdal (65) i Kvinnherad.

  1. juli i fjor, seint på kvelden, kom ho og hennar medtiltalte venninne (37) til Gravdals hus. Begge har forklart at dei køyrde til Gravdal for å finne drikkevarer.

48-åringen har tidlegare tilstått å stå bak valden som drap Gravdal, men hevdar at ho gjorde det i sjølvforsvar.

— Sex for lån

Fleire gongar i løpet av kvelden gjorde Gravdal seksuelle tilnærmingar, ifølgje kvinna.

Siste gongen kom etter at han tilbaud eit lån til 48-åringen.

— Han ville ha sex igjen for desse pengane, forklarte ho.

Ho føyste han bort, forklarte kvinna.

— Eg sa: No gir du deg, din pedofile jævel.

Det gjorde Gravdal fryktelig sint, ifølgje kvinna.

— Så kom han mot meg, han skubba meg. Det er svart for meg, men vi enda opp i gangen. Der holdt han meg fast med eine armen, og slo meg i hovudet med det eg har bilete av er ein hammar, forklarte kvinna.

ÅSTEDET: Sigmund Gravdal (65) blei funnen drepen i gangen i huset sitt på Sandvoll i Kvinnherad i juli i fjor. To venninner er tiltalt for drap på 65-åringen.
Odd E. Nerbø (arkiv)

Det er ikkje funne DNA-spor på hammarhovudet etter 48-åringen. Bilete frå åstaden viser tydelege spor etter kamp i stova, med velta møbler og lamper.— Eg fekk så panikk, eg blei så redd, eg såg døden i augene, og tenkte at her er det enten meg eller han, forklarte ho.

Huskar eitt slag

Hennar minne er at ho vart slått ned i kneståande. Der, på golvet, fekk ho fatt i ei øks. Med øksa slo ho Gravdal i hovudet.

— Slo du han fleire gongar, spurte aktor Trond Høvik.

— Eg veit eg har sagt det i avhør. Den dag i dag kan eg ikkje utelukke det, men eg hugsar berre det eine slaget i hovudet, svarte 48-åringen.

I politiavhøyr svarte kvinna at ho slo Gravdal meir enn to gongar.

— Det er ei utruleg trist sak. Eg er villig til å ta ansvar, om vilkåra er til stades, sa kvinna i si forklaring.

Gravdal døydde truleg i dei tidlege timane av 24. juli 2013. Dette er nokre av dei sentrale tidspunkta:

  • Kvelden 23. juli: Dei to tiltalte treffes igjen, for første gong på lenge. Dei rusar seg heime hos 48-åringen først, før dei køyrer til Sigmund Gravdal for å ruse seg vidare.
  • Etter midnatt, første timane av 24. juli: Truleg dødstidspunkt for Sigmund Gravdal, men med fleire timars feilmargin.
  • Rundt kl 14: To kvinner er observert av eit vitne som gåande langs vegen ved Gravdals hus.
  • Klokka 14.40: 48-åringen sett av politiet i eit busskur ikkje langt frå åstaden. Ho ba om å bli køyrd heim, noko dei gjorde.
  • Klokka 16.39: Ein nabo av Gravdal ringer politiet om at ein bil (som 37-åringen kom i), sto feilparkert ved Gravdals bustad. Politiet køyrer mot huset. På vegen møter dei på ein taxi med 37-åringen i, på veg heim.
  • 22.03: Politiet mottar oppringing frå 37-åringen, som fortel om ein død mann.
  • Klokka 22.30 og utover: Politiet kjem til åstaden.
  1. juli, klokka 1.05: 37-åringen blir pågripe av politiet. Blodprøve halvanna time seinare viser promille på 1,5.
  2. Klokka 1.50: 48-åringen blir arrestert av politiet. Blodprøve viser promille på 3,06. Ti dagar er sett av til saka i Sunnhordland tingrett.
Odd Arild Helland (til v.) og John Christian Elden forsvarer dei to drapstiltalte kvinnene.
Øyvind Lefdal Eidsvik