Brynjar Meling var på ferie i Telemark saman med familien sin då han vart kontakta i dag.

— Eg avbryt nå ferien min og kjem til Bergen så fort det let seg gjere, truleg i morgon, sier Meling til bt.no.

Han kjenner saka berre frå omtalen i media og skal med det første gå gjennom dokumenta som blir lagd fram i fengslinsmøtet i dag.

— Vi må sjå på kva som knyter han til drapshandlinga, sier Meling.

Fengslingsmøtet skulle starta klokka 12.45 fredag, men blei utsett til klokka 14 på grunn av forsvararskiftet.

Turid Mæland var oppnemnd som den forsvarar for den drapssikta 39-åringen.

Mannen har etterpå bedt om å bli representert av Krekar-advokaten Brynjar Meling. Han er på ferie og har bede Stavanger-advokaten Arvid Sjødin møte i retten.

Advokat Turid Mæland seier til bt.no at det ikkje ligg nokon personleg konflikt bak skiftet av advokat.

— Han hadde opphaveleg ikkje noko ønske om nokon spesiell forsvarar. Ettersom eg hadde vakt i forhørsretten, vart eg automatisk oppnemnd som advokaten hans, seier Mæland.

Kjelder i politiet seier til bt.no fredag morgon at mannen har vore fullstendig taus i avhør.

Tatt i Aurland

Mannen vart pågripen ved Skaimshagen i Aurland torsdag ettermiddag.

— Pågripinga skjedde heilt utan dramatikk, fortel lensmann Kjell Nordgulen i Aurland til Bergens Tidende.

Dei fire polititenestemennene som pågreip mannen var vepna med revolverar og maskinpistolar, men fekk ikkje bruk for våpna.

— Opplysningane vi fekk, kunne tyda på at mannen ville køyra austover på E16 gjennom Lærdalstunnelen. Difor stilte karane seg opp ved denne greina av rundkøyringa på Nyheim, opplyser lensmannen.

Mot Aurlandsdalen

Men den etterlyste bilen svinga til høgre ved den første avkøyrsla i rundkøyringa, inn på riksveg 50 mot Aurlandsdalen og Hol. Politifolka kasta seg straks i bilane og køyrde etter.

— Den etterlyste køyrde ikkje særleg fort. Våre folk nådde han att, køyrde forbi og stogga han etter eit par kilometer, oppe ved Skaimshagen. Pågripinga gjekk heilt greitt for seg. Ingen dramatikk, seier lensmannen.

Aurlandslensmannen samarbeider med sine kolleger i Lærdal og Årdal ved slike høve. Alle tre kontora var representert i gruppa på fire som føretok pågripinga. Frå Årdal tek ein normal biltur rundt 55 minutt, men med blålys kan det gå ein del raskare. Det er heller ingen grunn til å tru at betjenten frå Lærdal lusekøyrde gjennom den lengste vegtunnelen i verda.

— Dei kom fram tidsnok, seier Nordgulen, og kommenterer ikkje utrykkingstida nærare.

- Gjorde jobben sin

Dei visste om lag kor lang tid dei hadde til rådvelde, ut frå opplysningar som etterforskingsleiinga i Bergen formidla.

Nordgulen ynskjer heller ikkje å opplysa namna på dei fire tenestemennene som vart sett på saka.

— Dei gjorde jobben sin på ein framifrå måte, understrekar han overfor Bergens Tidende.

<b>KREKAR:</b> Brynjar Meling er mest for å ha forsvart terrormistenkte Mulla Krekar.
Arkiv