— For vår del av slekta var historien helden skjult heilt fram til år 2000, fortel bergensaren Terje Lundevold, som er etterkomar av yngste son til Mikal Hetle - Mateus.

Saman med faren og broren Ole vart også Mateus pågripen og fengsla i 1906, men frikjent på grunn av sin låge alder.

Hetlesaka fekk enorm presseomtale både under rettssaka og i fleire tiår seinare, og både Ole og Mateus valde å bytte etternamn. Begge ønskte å distansere seg frå saka, og snakka ikkje gjerne om den i ettertid.

På slutten av 1990-talet fatta Terje Lundevold interesse for slektshistoria si, men fekk ikkje noko svar hjå dei eldre i slekta. Men etterkvart fann han ut korleis det hang saman, og den utrulege historia vart rulla opp for han i år 2000.

— Farfar ville ikkje snakke om dette, og eg måtte bruke dagesvis i ulike arkiv for å finne ut korleis det hang saman, fortel Lundevold.

— Hadde du høyrt om Hetle-saka for sju år sidan?

— Ikkje i heile tatt.

Om Edvard Hoems teaterstykke har Terje Lundevold berre positivt å seie.

— Han har fanga essensen i historia, meiner han.

BT treff han saman med fire andre etterkomarar som såg stykket i Førde fredag kveld. Dei var spente på korleis histora skulle bli vinkla og fortalt, men er letta etter å ha sett resultatet.

— Eg har jo hatt ei sår kjensle i høve dette, men stykket var heilt greit, seier Elisabeth Hetle Norland, også etterkomar av Mateus. - Det er ei viktig historie å fortelje. Men det er heilt uforståeleg at så mange slektsledd må passere før vi kan snakke om dette.