• At ein aldri skal få fred, seier Gerd Marit Byrkje. I 1996 vart dottera hennar Bente drepen på Evanger. Søndag rømde drapsmannen frå Ila landsfengsel.

HILDE KRISTIN STRAND

IRINA LEE OG NTB

— Eg er redd, forbanna og fortvila, seier Gerd Marit Byrkje.

27-åringen som søndag rømde frå Ila landsfengsel, er den same mannen som sonar 18 år i fengsel og i tillegg er idømt fem års forvaring for drapet på dottera Bente i 1996. Jenta var då 14 år.

Fengselet vedgår svikt

Mannen har plass på ei avdeling på Ila som ligg utanfor fengselsmurane, og som har eit behandlingstilbod for innsette med store psykiske problem. Søndag vart ei opa dør for freistande for mannen.

Etter at fangen sneik seg ut av den opne døra like før han skulle låsast inn på cella, trur ein at han gøymde seg under ei trapp og deretter kom seg ned i ein kjellar med usikra vindauge.

Deretter har han tatt seg ut gjennom eitt av kjellarvindauga og klatra over piggtrådgjerda.

Ved 1.30-tida natt til måndag, fem timar etter at han rømde, ringde mannen sjølv til politiet og bad dei om å henta han.

- Det hjelper ikkje meg

Gerd Marit Byrkje synest rømminga er skremmande, og ho er ikkje trygg sjølv om mannen no er fengsla att.

— Det er skuffande at han greier å rømma. Eg trudde at fengselsvesenet var meir stabilt.

Fengselet innrømmer at alle rutinar svikta søndag.

— Dette skuldast ein svikt i rutinar på avdelinga og i overvakingsutstyret, seier fengselsdirektør Knut Bjarkeid til TV 2 Nettavisen.

— Det hjelper ikkje meg og min familie at fengselet legg seg flate. Eg er redd for sonen min, mannen hadde laga ei dødsliste, og sonen min og eg var dei neste namna på lista, grøssar Byrkje.

Berre månader etter at mannen var dømd og hadde starta soninga ved Bergen fengsel, rømde han. Då fekk Byrkje beskjed frå politiet, og dei frakta henne til ein trygg stad. Denne gongen høyrde ho ingenting.

— Eg såg på fjernsyn at ein rømd fange var teken, og syntest han likna drapsmannen. Men eg trudde han sona i Bergen. Ingen har informert meg om at han var flytta. Og at det var drapsmannen som var teken, fekk eg vita då NRK ringde i 17-tida måndag. Eg vert rasande, seier ho.

Vil helst flytta

— I tillegg nærmar det seg 6. november, datoen då Bente vart drepen. Når noko slikt skjer tre veker før, er det med på å forsterka kjenslene, og det gjer det ikkje akkurat lettare, seier Gerd Marit Byrkje.

— At ein aldri skal få fred og få sjansen til å leva så normalt som råd.

Aller helst vil ho selja huset på Evanger og flytta til ein stad der ho kan leva som anonym. Men med dagens bustadprisar tillet ikkje økonomien hennar det.

— Eg stolar ikkje på nokon lenger. Mannen veit kor vi bur, og vi har ingen garanti for at han ikkje rømmer for tredje gong, seier Gerd Marit Byrkje fortvila.

KJENNER SEG UTRYGG: - Vi har ingen garanti for at han ikkje rømmer ein tredje gong, påpeikar Gerd Marit Rykkje etter at mannen som drap dottera hennar Bente i 1996, hadde vore på rømmen i fem timar frå Ila landsfengsel.<p/> ARKIVFOTO: RUNE SÆVIG