TERJE ULVEDAL og PER MARIFJÆREN

Ransteorien er i praksis forkasta etter at avdødes lommebok i går blei funnen i eit låst garderobeskap på helsetunet. Skapet var Slåttens, som ho brukte når ho tok ekstravakter på sjukeheimen.

— Lommeboka var ein filofax. Ho var intakt og inneheldt mellom anna både pengar og bankkort, opplyste lensmann Kjell Fonn på pressekonferansen i går kveld.

Etter alt å dømme har Slåtten latt lommeboka ligge, fordi ho etter kveldsvakta laurdag berre skulle heim å sove før ho gjekk på jobb att søndag morgon.

Frå før er det kjent at 22-åringen ikkje har vore utsett for seksuelle overgrep, sjølv om politiet framleis ikkje heilt utelukkar at det kan ligge eit seksuelt motiv bak. Dødsårsaka er kveling. Etter det Bergens Tidende kjenner til har ho ikkje vore utsett for vald ut over dette.

Held tilbake informasjon

Politiet heldt i går to pressekonferansar der dei - med unntak av opplysningane rundt den famøse lappen og funnet av offerets lommebok - svara avvisande på dei fleste spørsmål som er sentrale i saka. Spørsmål om faktiske detaljar blir møtt med at «slike spørsmål svarer vi ikkje på», svaret på spørsmål om vurderingar er at «det må den vidare etterforskinga vise». Og svaret på om nokon er mistenkt, var framleis eit klart nei.

Fleire aviser har for lengst meldt at dødsårsaka var kveling, men ikkje ein gong dette ville politiet stadfeste i går, to dagar seinare. Dei har for lengst mottatt den foreløpige obduksjonsrapporten.

Taktikken er heilt klart at politiet ønskjer å halde tilbake all informasjon som det er relevant å konfrontere ein framtidig mistenkt med.

Granskar Hamretunet

I går ettermiddag starta Kripos gjennomgangen av hybelkollektivet i Hamretunet. I første omgang konsentrerer politiet seg om avdødes hybel.

Lensmann Kjell Fonn ville på pressekonferansen i går kveld ikkje svare på om det er gjort interessante funn i bustaden. Lensmannen ville heller ikkje kommentere om politiet vurderer å gå gjennom hyblane til dei andre studentane i bygget.

Arbeidet på åstaden blei avslutta i går. Og politiet ber no folk som har kasta frå seg boss i området i tida før området blei avsperra, om å melde seg. Grunnen er at politiet vil sortere ut uvesentlege funn på åstaden.

I tillegg blir også personar som har hatt, eller har sett, kjøretøy stå parkerte i området ved Førdehuset natt til søndag bedt om å ta kontakt. Dette er ein del av arbeidet med å kartlegge alle bevegelsar i sentrumsområdet om natta og i morgontimane.

— Vi meiner vi no er i ferd med å få bra kontroll over bevegelsesmønsteret i sentrumsområdet, opplyser lensmannen.

To observasjonar

Politiet står tilbake med berre to observasjonar frå augnevitne som kan ha sett drapsofferet Anne Slåtten søndag morgon.

Den eine er eit vitne som såg ei lyshåra kvinne i området ved sjukepleiehøgskulen 0700.

— Vitnet har gitt ei skildring som passar på avdøde, seier lensmannen.

Noko seinare har eit anna vitne sett ei lys kvinne gå lenger nede i Angedalsvegen. Politiet vil framleis ha kontakt med denne kvinna, men så langt har ingen meldt seg.

Tolkinga er så langt at dette er Anne Slåtten som er sett to gonger på veg til jobb. Dei to observasjonane er passande på Anne Slåtten, men ikkje hundre prosent sikre.

— Vi kan ikkje utelukke noko, kommenterte Fonn på gårsdagens møte med pressa.

Lensmannen står fast på at han framleis er optimist med tanke på å finne gjerningsmannen. Ei rekkje personar var i går inne til avhøyr. Politiet stadfesta også at andre politikammer gjer avhøyr, mellom anna av personar som var i Førde sist helg men som no er reist.

FINKJEMMER HAMRETUNET: Kripos gjekk i går inn i bukollektivet i Hamretunet. I første omgang konsentrerer dei seg om hybelen til Anne Slåtten, der dei også fann forklaringa på den såkalla fryktlappen.