Sist laurdag vart to hundar skotne under hjortejakt i Davik-området i Bremanger kommune. Saka er meldt til politiet, skriv Fjordenes Tidende.

Hundeeigarane stadfestar til avisa at dei to hundane, som berre er ni månader gamle, vart skotne under jakta.

— Skotne med vitande vilje

Dei to kvalpane klarte å ta seg ut frå ei innhegning, og over på nabovaldet der det gjekk føre seg jakt. Her vart hundane drepne av hjortejegerane. Saka blir etterforska av politiet.

– Dette er ei heilt spesiell sak. Dei to hundane vart skotne med vitande og vilje, etter ei grundig vurdering av jaktlaget, seier Strandos til Fjordenes Tidende.

- Jagde hjort

Leiaren i Ytre Davik jaktlag, Erling Daviknes, var til stades då det skjedde.

— To hundar utan band blei observert medan dei jagde hjort, seier Daviknes, som ikkje ønskjer å kommentere saka ytterlege.

— Eg vil ikkje utdjupe det noko meir sidan dette er ei politisak, seier han til bt.no.

Det er ikkje første gong jakta i kommunen ikkje går heilt eller planen. I fjor var det eit dyr med kvit pels som måtte bøte med livet, ifølgje lokalavisa .