Framlegget til justeringar i budsjettet for 2009 blei presentert av Helse Førde-direktør Jon Bolstad måndag føremiddag.

På kuttlista står ei rekkje tiltak som vil skape sterke reaksjonar. Mellom anna vil helseføretaket kutte kraftig i ambulansetilbodet. Fjaler, Jølster, Lavik og Aurland kan bli utan ambulansar, og tilbodet blir redusert i Luster, Flora og Vågsøy.

Dersom endringane blir vedtekne varslar fleire kommunar at dei kan kome til å trekkje seg frå planane om eit felles legevaktsamarbeid i Sunnfjord og Ytre Sogn.

Det vekkjer også reaksjonar at Helse Førde vil avvikle den gynekologiske sengeavdelinga ved Førde sentralsjukehus, og slå den saman med kirurgiske sengepost. Ei aksjonsgruppe som arbeider for eit godt helsetilbod i fylket, meiner konsekvensen er dårlege behandlingstilbod til kvinneleg pasientar og at fleire vil bli sende til Haukeland.

Styret i Helse Førde skal ta stilling til kuttframlegga kommande fredag.

Sei di meining om kutta i feltet under!

NYE KUTT: Helse Førde må spare.
Øystein Torheim (arkiv)