Dette stadfestar styreleiar i selskapet, Lars Gunnar Lie, overfor Kystradioen.

Sotrasambandet fekk på styremøtet i går informasjon frå vegkontoret om at sambandet tidlegast er ferdig i 2016. Som følgje av eit mogleg krav om konsekvensutgreiing frå regjeringa, kan ein i verste fall risikera at prosjektet ikkje kjem med i Nasjonal transportplan for perioden frå 2009.

— I så fall blir ikkje prosjektet sluttført før rundt 2020. Dette alvoret i situasjonen er det verdt å merka seg, seier Lars Gunnar Lie til Kystradioen.

Tidlegare har ein litt optimistisk vona på at fastlandssambandet kunne stå klar til bruk rundt 2012/2013. Nå er det klart at i forhold til den målsetjinga blir prosjektet minst to - tre år forseinka. Om alt slår feil, kan sambandet vera klar til bruk sju år seinare enn den mest optimistiske prognosen.

Lidl til besvær?

Den tyske matvarekjeden Lidl sin butikk i Bergen Vest kan hindre ei effektiv kollektivløysing mellom Bergen og Sotra, hevdar ordførar Jan Utkilen til NRK Hordaland.

Men byråd for byutvikling Lisbeth Iversen avviser dette. Bussene mot Sotra og Øygaren skal få forkjørsrett, sier hun til Nrk..

Jan Rune Berentsen
Jan Rune Berentsen