Ungdommane fekk motorstopp nordvest for Skårholmen på Austevoll. Klokka 19.35 fredag kveld blei dei berga i land av losbåtførar Nils Magne Vardøy.

– Det ville ikkje gått mange minuttane før båten hadde blitt knust mot land, fortel Vardøy om den dramatiske redningsaksjonen.

Det var vestavinds kuling og to til fire meter høge bølgjer i området.

Både båten og ungdommane om bord i den 26 fots halcoen kom godt ifrå det.

– Vi fekk slepa dei inn til rolegare farvatn på Stegavågsosen.

Der blei ungdommane tatt hand om av redningsselskapet som skyssa dei til Bakkasundet.