I føremiddag måtte valets sigerherre Knut Prestnes (Sp) meddela ei utålmodig ventande Høgre-gruppe at det var uråd å få dei to splitta blokkene i Sp til å bli einige om vervfordelinga.

Dermed ligg det an til at Høgre signerer samarbeidsavtalen frå sist helg med Frp, Tverrpolitisk samlingsliste, Venstre og KrF. Det fører til at Bjarne Berge blir ordførar og at Høgre får varaordføraren, Torfinn Myklebust.

Men fredag ettermiddag, langt på overtid i forhold til avtalte fristar, var Høgre i hektisk telefonisk kontakt i eit siste forsøk på å få samla alle ni representantane i Sp om ei felles line. Slik kan den gamle «regnbogealliansen» Ap, Sp, H, SV, KrF og V etablerast på nytt, med Knut Prestnes som ordførar.

Ifølgje Høgre-representant Arne Havnerås vil det først utpå kvelden fredag vera definitivt avgjort kva alliansepartnar partiet vel.

Den store interne avstanden i Senterpartiet kan få etterdønningar, kanskje i form av eksklusjonar. Partiets fylkesleiar Sigrid Brattabø Handegard var i Rosendal førre veke for å forhandla i striden, og kom med kraftig refs av lokalpartiet. Ho gav overfor lokalavisa Kvinnheringen uttrykk for sterk støtte til Knut Prestnes.