Brannen i bustadområdet Ragnarrud rett aust om Florø sentrum skaka kystbyen i går. Mora og borna som blei ramma av branntragedien, var frå Florø og godt kjende i lokalsamfunnet.

Naboar Bergens Tidende var i kontakt med i går, var naturleg nok merkte av den eksplosjonsarta brannen i bustadområdet.

— Vi kjende dei godt, både frå skulen og gjennom ulike aktivitetar på fritida, fortel nabo Rune Olsbø. Hans eigen son gjekk i same klasse som den omkomne niåringen.

Berga eldre kvinne

Olsbø vakna av røyklukt like etter klokka 04 natt til i går, og såg ut glaset.

— Det første eg såg var blålyset på den første ambulansen som då alt var komen til staden. Så la eg merke til at det velta svart røyk ut av huset. Gjennom glasa i huset såg eg også at det var eld laust inne, fortel Olsbø.

Han vekte kona, sprang deretter ut og banka på glasa til naboane for å vekkje dei. Fleire hus ligg i rekkje i gata, og brannen var i ferd med å spreie seg. I eitt av nabohusa bur ei eldre kvinne Olsbø ikkje fekk kontakt med.

— Eg var svært glad då eg såg brannvesenet kom med røykdykkarar. Dei gjekk inn i huset. Ikkje lenge etter kom dei ut med kvinna uskadd, fortel Olsbø.

Fleire av dei som bur i nabolaget tok del i arbeidet med å få folk opp og ut av husa. Ein av huseigarane fortel til Bergens Tidende at då dei blei vekte, slo flammane over hustaka:

— Jenta som redda seg ut av det brennande huset, varsla om brannen. Ho fekk vekt dei som budde i eit nabohus.

Evakuerte

Husa står tett i området, og fordi det var fare for at brannen kunne spreie seg, valde politiet å evakuere elleve bueiningar. Mellom 30 og 40 personar gjekk til Krokane skule som ligg berre eit steinkast unna.

— Eg skjønte ikkje alvoret då eg blei oppringt av politiet for å låse opp skulen, fortel rektor Vidar Nupen.

På skulen blei det oppretta eit krisemottak, og etter kvart kom både lege, psykolog og anna helsepersonell for å ta seg av dei evakuerte.

  • Hjelpeapparatet fungerte. Vi som kom til skulen, fekk glimrande oppfølging. Mitt inntrykk er at det same har skjedd med elevane, seier Rune Olsbø.

Gjekk til brannstaden

Den ni år gamle guten som miste livet, var elev ved skulen. Til Bergens Tidende fortel rektor Vidar Nupen at det blei gitt beskjed slik at alle tilsette kom på arbeid ekstra tidleg for å planlegge ein svært spesielle skuledag.

— Kvar lærar tok mot sin klasse då skuledagane starta. Vi har samtala med elevane om det som har skjedd i klassane. I tillegg har vi hatt ei samling i gymnastikksalen for alle. Her kveikte vi lys og song, fortel Nupen.

Dei som ville av elevar, lærarar og foreldre fekk fredag føremiddag høve til å gå dei par hundre metrane for å sjå på brannstaden. Eit stort område var då avsperra, men politiet letta på sperringane slik at born og vaksne fekk gå ganske nær branntomta.

Krokanerektoren seier dei aldri var i tvil om at det beste for elevane ville vere å gå på skulen. Han rosar foreldra i klassen til niåringen som omkom.

— Mange av dei har stilt opp og vore med i klassen. Det har vore flott og sterkt å oppleve, seier Nupen.