HILDE KRISTIN STRAND

— Ho skulle berre kryssa ei snøfonn. Då ho skulle trakka inn att, trynte ho regelrett og sklei 15-20 meter nedover med hovudet først. Det var så bratt at ho var nesten i fritt fall. Ho hamna til slutt mellom to steinar og stoppa der.

Det fortel Ronny Engen, Nina Dvergsdal Engen sin ektemann. Saman med Jon Egge hadde ekteparet vore på tur til Trollvassbu, ein tur som folk i god form brukar halvannan time på. Dei tre bur i Jølster og var på veg heim då uhellet skjedde ved Lundeskaret. Terrenget på staden er svært bratt.

Nina Dvergsdal Engen fekk ein liten stein mot hofta.

— Hadde ho treft steinane med hovudet hadde det gått mykje verre, seier ektemannen.

— Det er så bratt at det var nesten som å ramla rett ned.

Røntgenundersøkjinga viste ikkje noko brot. Laurdag kveld var Dvergsdal Engen overført til ortopedisk avdeling ved sjukehuset.

Like etter klokka 16 laurdag ettermiddag vart Dvergsdal Engen sendt til Sentralsjukehuset i Førde med eit redningshelikopter frå Lufttransport i Ålesund. Dei første meldingane var uklåre både kring kor alvorlege skadane var og vêrsituasjonen i området. Ei stund vurderte difor Hovudredningssentralen å senda mannskap frå Røde Kors opp i fjellet. I tillegg stod eit Sea King-helikopter klart i Jølster. Skydekket var for lågt til at dette kom seg opp i fjellet. Det sa redningsleiar Nils-Ole Sunde ved hovudredningssentralen til BT.no i 16-tida laurdag.