Brannen utvikla tjukk røyk, og politiet har avsperra området og vil la lastebilen brenne ut før nokon tar seg inn.

— Slik sitasjonen er, ville det vere hasardiøst å gå inn med folk, seier politibetjent Kristin Akerholt ved Stryn lensmannskontor til bt.no.

Rundt ti arbeidarar evakuerte tunnelen i all hast, og eit par av dei måtte ta seg forbi den brennande bilen før dei i siste liten kom seg på eit kjøretøy som tok dei ut i friluft.

Anleggstunnelen er ein del av det som skal bli eit nytt kraftverk for Stryn Energi, og det er NCC som utfører arbeidet.

Tunnelen er avsperra inntil brannen sløkker av seg sjølv. Ifølgje politiet er utløpet langt frå bebygd område.