I forklaringa si i retten sa sagbruksarbeidaren at han reiste på vorspiel på Bygstad tidleg på ettermiddagen, laurdagen før drapet. Han meinte også å ha drukke kvelden før.

— Eg hadde med meg ein eller to six-packar med øl i bilen laurdag, sa 42-åringen.

— Kor mykje konsumerte du, ville dommar Terje Mowatt vite.

— Det veit eg ikkje. Det var ganske store mengder, svarte tiltalte.

— Hadde du med deg andre ting enn øl?

— Nei. Men det var tilbud på øl på butikken på Bygstad. Vi gjekk og kjøpte nokså mykje av det. Det var god stemning, sa 42-åringen.

Den drapstiltalte framsto som roleg og fatta i retten, og svarte med stødig stemme på alle spørsmål.

Snakka med kjenning

Han meinte å hugse at planen hadde vore å reise til Førde for å gå på fest; blant anna var fordi nokre ville på Kikki Danielsson-konsert. Men sjølve turen hugsa ikkje 42-åringen noko av. Han kunne minnast å ha snakka med ein kjenning, og at han måtte ut på ein terrasse for å røyke på utestaden Gjengangeren i Førde.

Han meinte også å vite at han hadde vore på eit nachspiel seinare på natta, men visste ikkje kvar det var. Dette nachspielet har politiet ikkje greidd å finne fram til i etterforskinga.

42-åringen haika heim på morgonsida, med folk han kjende.

— Eg var heilt utsliten, sa sagbruksarbeidaren i retten.

<b>I RETTEN: </b>Aktor Jogeir Nogva og forsvarar Ivar Blikra.
ODDLEIV APNESETH