I rapporten om tilstanden til sjøfuglbestandane i Sogn og Fjordane blir tilbakegangen dei siste åra kopla mot industrifisket etter råstoff til produksjonen av laksefôr. Ikkje minst etter tobis, ein liten silfisk rekna som svært viktig i matfatet til fuglane.

— I åra frå og med 2004 viser tala på hekkande sjøfugl i Sogn og Fjordane klar samvariasjon med fiske, og stopp i fiske, etter tobis i Nordsjøen. Overfisket ser ut til å ha fått ringverknader i økosystemet i havet, heilt opp til sjøfuglane på toppen av næringskjeda, meiner ornitolog Tore Larsen.

Hekkebestand

I rapporten viser han til at tobisfisket i norsk sektor blei stoppa midt i 2005 og var stengt i heile 2006. Både i 2006 og 2007 auka hekkebestanden av dei fleste sjøfuglar markert. Mot fiskeridirektøren sitt råd blei det så opna for tobisfiske i norsk økonomisk sone i mai 2007. Ifølgje Fiskeridirektoratet blei det tatt nesten 70.000 tonn. Også året etter pågjekk fisket.

— I godt samsvar med utviklinga i fisket etter tobis viste sjøfuglteljingane i 2008 nye nedslåande resultat etter auken i hekkebestanden åra før.

Mykje av industrifisket går til produksjon av fiskefôr. I rapporten kjem det fram at oppdrettslaksen i Sogn og Fjordane åleine set til livs minst 1000 gonger meir fisk enn alle sjøfuglane.

Matmangel

Larsen meiner næringstilhøva framleis er dårlege. Det er rett og slett ikkje nok mat til sjøfuglane.

Nedgangen i bestanden av toppskarv har truleg andre årsaker. Dette fordi arten lenge såg ut til å klare næringssvikten i Nordsjøen betre enn dei fleste andre sjøfuglar.

— Truleg er det andre og meir lokale faktorar som har ført til generelle tilbakegang sidan 90-talet, meiner Larsen.

I rapporten viser han til at taretråling og folk som går i land i reservata kan ha negativ innverknad.

— Toppskarven er følsam for begge desse faktorane.