Nybygget, som får namnet «Lote», skal setjast inn på det største ferjesambandet i Sogn og Fjordane, Mannheller-Fodnes i Indre Sogn. Ferja er 109 meter lang og 17 meter brei.

«Lote» har ein kapasitet på 120 personbilar og 438 passasjerar. Ferja er bygt ved Fiskerstrand Verft i Sula kommune på Sunnmøre.