Det var klokka 09.05 i dag mannen kom køyrande på riksveg 7 frå Øystese i retning Norheimsund i Kvam kommune.

— Den tragiske ulukka skjedde i 50-sona på Børveneset. Den 73 år gamle mannen fekk hjartestans og døydde. Han var aleine i bilen, hadde liten fart og trefte ein møtande bil, fortel politioverbetjent Samson Håland ved Kvam lensmannskontor til bt.no.

Den omkomne er frå Kvam.