Han sovna stille inn på ein benk på Gardermoen medan han venta på toget.

Gordon har sagt at dersom han døyr i Noreg, skal han bli verande her. Og slik blir det, seier enkja Angela. Ho kjem over for å vera til stades ved kremering i Oslo og nedsetjing av urna i Ulvik.

Trufast og tolmodig

– Trufaste og tolmodige Gordon er kanskje den mest verdfulle skiinstruktøren vi har, sa «rektor» Einar Raa Nilsen ved Voss Skiskule til Bergens Tidende då Gordon runda 75 år i suveren stil. Han var framleis aktiv i mange år seinare.

Raa Nilsen la vekt på at Gordon hadde tolmod til å læra svingteknikk til dei aller ferskaste nybyrjarane, og tok seg gjerne av elevar med funksjonshemming.

Biten av skibasillen

Landmålaren Gordon Tait vart biten av skibasillen på Geilo i 1954. Han let seg rekruttera av det sentrale britiske rådet for utdanning i fysisk fostring, som etter krigen skipa til treningskurs i nesten alle sportsgreiner. Gordon vart sett til å jobba med ski, og arrangerte treningskurs på Geilo og i Sveits.

Under eit opphald på Geilo i 1962 vart han overtala av turistsjef Tryggve Fitje og Det Bergenske Dampskibselskab (BDS) til å sjå planane for skianlegget på Voss, og skriva ein rapport. Året etter vart Hangursbanen og Hangursheisen bygt. Gordon var med andre ord med frå starten.

Sjef for plastbakke

I perioden 1976-87 var Gordon sjef for eit skianlegg med plastbakke i Nord-Irland. Elles har han vore på Voss kvar vinter. I ein periode var han her også om sommaren, medan kona arbeidde på Voss Turistkontor og seinare som direktør på Strand Hotell i Ulvik.

Gordon Tait sovna stille inn på ein benk på Gardermoen medan han venta på toget.