Over hundre menneske måtte stå ute på kyrkjebakken fordi det ikkje var plass inne. Det skjedde både då Dan Aleksander Døssland blei ført til si siste kvile, og etterpå i Jarand Olsen si gravferd.

Stille i Uskedalen

Det var stille i Uskedalen i går. Nok ein gong følgde bygdefolk og ungdom frå nabobygdene to unge uskedølar til grava. Flagga vaia på halv stong, og arbeidet var lagt ned på Eidsvik Skipsbyggeri, der Jarand Olsen arbeidde.

Sola varma Uskedal sentrum nokre minuttar denne kalde februardagen, inntil ho forsvann bak mektige Englafjell. Frå kyrkjegarden høyrde ein berre suset frå trafikken på Rv 48, vegen som blei dei to 18-åringane sin bane.

Ungdom frå Uskedalen, Rosendal, Valen og Husnes fylte kyrkja to gonger saman med skyldfolk og naboar. — Dette er berre byrjinga på eit farvel som vil vara lenge, sa kapellan Åge Sætre.

Presten snakka om det meiningslause i at to unge skal gå bort på denne måten. Samstundes understreka han at det finst håp i meiningsløysa.

Mange kransar og minneord

Det blei to lange gravferdsseremoniar. For det var mange kransar som skulle leggjast ned, mange minneord å seia fram. Frå høgtalarane kom det cd-musikk som ungdommane hadde valt ut for dei to omkomne. I tillegg til salmesong, var det i den første gravferda også solosong ved Nils Trygve Markhus. Mellom gravferdene inviterte familiane til dei to omkomne ungdommen til samling i ungdomshuset Helgheim. Der var Kvinnherad kommune sitt kriseteam vertskap, og der brann to talgljos ved sida av portretta av Dan og Jarand.

SISTE FARVEL: To gonger møtte over fem hundre menneske fram i og ved Uskedal kyrkje for å ta farvel med dei to 18-åringane som omkom i trafikkulukka på Husnes sist måndag. Her blir båra til Dan Aleksander Døssland ført ut.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR