Politiet fekk meldinga klokka 04.22 natt til laurdag.

Mannen i 60-åra ligg på Eid sjukehus med lettare skader. Campingvogna er utbrent, og brannårsaka er førebels ukjend. Politiet vil gjere nærare undersøkingar på Grodås Camping i løpet av formiddagen i dag.

— Vi har ikkje mistanke om noko kriminelt. Saka vert etterforska på vanleg vis, seier operasjonsleiar Robert Veseth ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Dagleg leiar Rolf Kobberstad ved Grodås Camping er prega av nattas ulukke.

— Det er forferdeleg trist. Grusamt trist. Så mykje meir å seie er det ikkje. Eg veit ikkje kva brannårsaka kan vere. Vogna og spikerteltet er omtrent nedbrunne. Så alt er stort sett vekke, seier han til NRK Sogn og Fjordane.

Øystein Torheim