Det var torsdag ettermiddag at den 64 år gamle mannen frå Sande i Gaular vart stanga ned av ein okse. Bonden vart innlagt på Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, men døydde laurdag av skadene, melder NRK Sogn og Fjordane.

Ulukka skjedde då gardbrukaren skulle å flytte nokre oksar han hadde gåande på beite. Då dyra skulle jagast, snudde den eine av oksane og gjekk til angrep.