— Normalt ville ein ha sendt ein pasient med slike symptom rett til Haukeland med ambulansehelikopter, opplyser fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik.

— Legane kan ikkje seie at det er nokon umiddelbar samanheng mellom dødsfallet og den lange transporten, seier Mona Høgli, kommunikasjonsdirektør i Helse Bergen.

Bur på øy

Den eldre mannen frå Sunnfjord var busett på ei av øyane i Sogn og Fjordane. Etter det Bergens Tidende kjenner til, kjende han torsdag sterke smerter i brystet. På grunn av flyforbodet kunne ikkje luftambulansen ta av frå Førde sentralsjukehus. Mannen måtte difor først fraktast med båt til fastlandet. Der blei han overført til ambulansebil som køyrde til Førde sentralsjukehus. Natt til fredag blei pasienten sendt vidare til Haukeland.

— Ein anestesilege følgde med på turen til Bergen, seier Breidablik.

- Har det at luftambulansen ikkje kunne rykkje ut, hatt betydning for sjukdomsforløpet?

— For meg er det uråd å seie noko om. Men generelt kan eg seie at dette var eit tilfelle av alvorleg sjukdom der det er viktig å få rett behandling så raskt som råd, seier Breidablikk.

Ekstra beredskap

Beredskapssjef Ingerid Paulsen i Helse Fonna seier dei heldigvis har hatt to rolege dagar. Vanlegvis har Helse Fonna ein til to helikoptertransportar kvar dag.

— Dei to siste dagane har det ikkje vore behov for å bruke luftambulansen, seier Paulsen.

Beredskapsnivået er oppjustert, og som eit ekstra tiltak har Helse Fonna styrkt sjansen for båttransport til og frå øyar som Utsira, Feøy, Espevær og Røvær.

Ifølgje Paulsen inneber det at dei har reservebåtar klare. I tillegg vurderer føretaket fortløpande om ambulansar skal omdirigerast mellom kommunar og om ekstra mannskap skal kallast inn.

— Vi samarbeider også med Helse Bergen og Helse Stavanger i grenseområda, der for eksempel ambulansebåten i Austevoll kan vere aktuell.

Ferjene klare

Helse Førde sette fredag i verk tiltak for å styrke beredskapen som følgje av at vulkanutbrotet på Island har sett all lufttrafikk på bakken. Det er innført døgnberedskap på ambulansar som normalt berre blir brukte på dagtid. Også på ferjene er beredskapen auka. På samband der det ikkje går nattferjer, skal mannskap kunne vere raskt på plass dersom det er nødvendig med ekstraturar med utrykkingsbilar.

— I tillegg vil vi, dersom det blir vurdert som nødvendig, sende spesialistar frå sjukehusa med bil- og båtambulansar eller ut for å møte desse når dei er på veg inn til sjukehusa, seier fagdirektør Breidablik.

Helseføretaket er også i kontakt med frivillige organisasjonar som Røde Kors om assistanse i tilfelle det skal bli nødvendig.

Les flere artikler om vulkanutbruddet her!