Etter ti år som arbeidssøkar er Mundheim i ferd med å gje opp. Det er tungt å gå i dørene i barndomsheimen utan å ha noko å ta seg til. Han har vore døv sidan fødselen og uføretrygda sidan han var 22, men er etter eiga oppfatning fullt arbeidsfør. Berre nokon torer å tilsetja ein sjåfør utan høyrsle. Draumeyrket Vogntogsjåfør er yrket han har drøymt om sidan han var gutunge. Han sat ofte på med ein bil som då opererte i nabolaget.Difor vart førarkort for tunge køyrety hans nye mål då han måtte gje seg som sveisar grunnar allergi av støvet i sveisehallen.— Ingen høyrde på meg då eg åtvara mot sveiseutdanning. Han har vore allergisk mot støv sidan han vart fødd, seier mora, Hildur.Dei siste ti åra har energiske Hildur stått på for å skaffa sonen meiningsfylt arbeid. Arbeidsfør - Det blir for lettvint av samfunnet berre å uføretrygda ein arbeidsfør mann. Han føler seg til overs, gløymt, seier Hildur.No føler ho at ho stangar i veggen. Mas på sosialkontor, trygdekontor og arbeidskontor har ikkje resultert i jobb. - Eigentleg er det ikkje mitt ansvar, sidan Einar er vaksen, men nokon må ta tak i det, seier Hildur til Bergens Tidende.Ho meiner at døve alt for lett blir uføretrygda. - Men dei er ikke dumme fordi om dei ikkje høyrer, poengterer ho.At døve kan køyra store lastebilar, er Tommy André Johansen eit godt døme på. Han har fått jobb i Nedre Eiker. Fullt forsvarleg I dagens data-samfunn kan det sendast skriftlege meldingar til bilane, også tekstmeldingar på mobiltelefon. Einar kan ikkje bruka vanleg telefon, men er reine raceren på tekstmeldingar. Som bilførar vil han helst halda seg innom landegrensene. Tollpapir kan bli eit problem.Einar Mundheim vonar i det lengste på eit jobbtilbod, men er etter ti lange venteår, i ferd med å innsjå at han kanskje må gjennom enda ei omskulering for å få arbeid.Aetat er ikkje framand for ein slik tanke.- Eg har ikkje høve til å drøfta situasjonen for ein einskildklient, men generelt er vi opne for alternative løysingar, seier konsulent Jens Harald Abotnes ved Aetat i Norheimsund. Skepsis Det han ikkje kan gjera, er å pålegga ein arbeidsgjevar å tilsetja ein bestemt arbeidstakar.- Kvifor får ikkje døve arbeid som dei er kvalifisert for?- Det er ofte slik at arbeidsgjevarane ser for seg vanskar som aldri vil oppstå. Og skulle sjefen vera velvillig, kan det hende at medarbeidarane er skeptiske, og vil ha eit ord med i laget. Formannskiktet fyktar vanskeleg instruksjonsarbeid og kolleger ser for seg at dei må ta på seg større arbeidsmengd. Ofte er denne frykta ugrunna, seier Abotnes.- Kan gutedraumen om eit bestemt yrke vera ein hemsko?- Ofte er slikt ein stor fordel. Det gir gneist til å overvinna utruleg store hinder. Men det kan sjølvsagt også føra inn på vegar der det er vanskeleg å få arbeid, seier Abotnes.

Einar Mundheim har vore døv sidan han vart fødd. Han har lenge ønskt å verta vogntogsjåfør, men får ikkje jobb på grunn av handikapet. I dag går han på uføretrygd.
Foto: Helge Skodvin