— Døve bør kome foran i operasjonskøen, meiner Helge Herland i Bergen døvesenter.

Anne Berg, som er født døv, har alltid levd eit aktivt, uavhengig liv. Men etter at ho fekk grå stær på augene i august i fjor, er livskvaliteten blitt sterkt redusert.

Ikkje kan ho lese eller sjå tv. Fordi synet stadig blir dårlegare, er det også vanskeleg å gå på butikken eller på tur utan hjelp. Andre menneske må dessutan kome heilt nær for at ho skal kunne lese på munnen kva dei seier eller lese teiknspråk. Etter førti år som BT-abonnent, har ho sagt opp avisa. Ho klarar rett og slett ikkje lese så små bokstavar lenger.

— Synet blir berre verre og verre. I solskinn og dagslys er det vondt å vere ute, og eg må ha ledsagar utandørs, som om eg var blind, fortel Berg.

— Å vere døv er til å leve med, men når eg verken kan høyre eller sjå blir kvardagen vanskeleg. Alt eg ønskjer er å bli sprek igjen, og klare meg sjølv.

Operasjon utsett to gonger

Berg vart rett nok innlagt for grå stær-operasjon i januar i år, men operasjonen måtte avbrytast, fordi augene hennar var for urolege den dagen.

I mai var det nytt forsøk. Men då Berg var blitt klargjort for narkose, kom beskjeden: Operasjonen måtte utsetjast, fordi sjukepleiaren var blitt sjuk.

No er Berg tilbake i køen. Ho som lenge hadde gledd seg til å kome nyoperert til 55-årsjubiléet for konfirmantane ved Tronheim Døveskole. Skal ho reise no, blir ho avhengig av hjelp. For det blir neppe operasjon før i august.

Bergs erfaringar har gjort dagleg leiar for Bergen Døvesenter, Helge Herland, svært opprørt. Etter hans meining må døve kome foran høyrande i køen til augeoperasjonar.

— Synet er døves hørsel. Det er tungt nok å vere døv, men å vere døv og nesten blind blir endå verre. Legane forstår rett og slett ikkje alvoret. Grå stær er ein rein rutineoperasjon, så kvifor må døve vente eitt år og kanskje endå lenger i kø?

Ressurskrevande operasjon

Årleg utfører Øyeavdelingen ved Haukeland sykehus mellom 1200 og 1400 grå stær-operasjonar, dei aller fleste med lokalbedøving. Berre eit titall av pasientane blir operert under narkose.

Anne Berg står i køen saman med barn, psykisk utviklingshemma, kreftsjuke og pasientar med synstruande sjukdomar. Denne typen operasjonar blir berre utført fem dagar i månaden, og køen er lang.

— Narkose-operasjonar er langt meir ressurskrevande, samtidig som behovet har auka dei siste åra, forklarar avdelingsleiar Eyvind Rødahl.

Ingen av pasientane på ventelista blir opererte frå slutten av juni til midten av august. Årsaka er ferieavvikling ved sjukehuset. Anne Berg er ein av pasientane som må vente til over ferien.

— Vi kan ikkje operere henne før august, stadfestar Rødahl overfor BT.

— Men då har ho venta eitt år på operasjon. Det er lenge?

— Vi gjorde eit forsøk på operasjon med lokalbedøving, og deretter eit med narkose, som vart avlyst på grunn av sjukdom hos personalet. Så i utgangspunktet er det ikkje rett at ventetida er eitt år. Dessverre har det ikkje vore mogleg å gjennomføre operasjonen til no, seier Rødahl.

KAN BLI BLIND: 71 år gamle Anne Berg har vore døv heile livet. I sommar har ho stått i kø til grå stær-operasjon i eitt år. Ved hjelp av tolk formidlar den døve ventelistepasienten sine frustrasjonar til BT.
FOTO: ØRJAN DEISZ