Voss tingrett opnar i dag straffesaka mot mannen som førte bilen då kjærasten, Anette B. Mosdal (18) omkom i ei trafikkulykke på riksveg 13 ved Flatlandsmo camping på Voss 20. februar i fjor.

Blant vitna er faren til den omkomne, politimannen Magnar Mosdal i Tyssedal. I haust uttala han til Bergens Tidende at bilføraren ikkje burde stillast for retten.

— Både han og eg har mist det kjæraste vi hadde, Anette, seier Mosdal til Bergens Tidende.

Han reagerer på at «svigersonen» må gjennomgå ei opprivande straffesak, tiltala for aktlaus køyring. Påtalemakta burde ha nøgd seg med ei bot for ulovleg dekk-kombinasjon.

Anette var passasjer i bilen til den 23 år gamle kjærasten sin. Bilen hadde tre piggdekk, men sommardekk på eit av bakhjula. Piggdekket var ikkje kome på plass att etter ei punktering. På glatt føre kom bilen over i feil køyrebane på riksveg 13. Paret var på veg attende til Hardanger etter handletur og venebesøk på Voss.

Anette omkom, og kjærasten vart alvorleg skadd. Etter tre døgn i koma på Haukeland, og både fysisk og psykisk rekonvalesens, er han no på beina, men slit med etterverknader av hjerneskaden.