Då huseigaren i Bremanger ikkje ville kjøpe noko, gjekk seljaren til angrep.

– Det enda opp med knuffing på staden, dei slo etter kvarandre, før seljaren la på sprang og kjørte vekk frå staden, fortel politiførstebetjent Johnny Jansen ved Bremanger lensmannkontor.

Huseigaren har varsla at han vil melde forholdet.

— Meir og meir pågåande

I løpet av helga har politiet fått fleire telefonar frå huseigarar fleire stader i fylket, som har kjent seg truga av heller pågåande dørseljarar.

– Desse dørseljarane har vist ein viss aggressivitet slik at huseigarane har følt seg ukomfortable med situasjonen, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge i Sogn og Fjordane til NRK.

Ifølgje Jansen er dette eit veksande problem.

– Det verkar som seljarane blir meir og meir aggressive og pågåande, og tar ikkje eit nei for eit nei.

Ville «prøveleggje» teppe

I Balestrand har politiet blitt varsla om to episodar med dørseljarar, den eine gongen skal dei ha oppført seg svært truande.

– Seljaren ville inn i huset for å prøveleggje eit teppe, men blei avvist, seier fungerande lensmann Geir Harkjær.

Politiet ser sakene i samanheng, og oppmodar folk til å melde ifrå dersom dei opplever liknande episodar med seljarar.

– Det viser seg at det skjer på veldig avsidesliggjande plassar, så det er viktig at dei som blir oppsøkt får med seg litt om korleis folka ser ut og kva bil dei køyrer. Slik at vi veit kva vi skal sjå etter, seier Hauge.