— Regjeringa har alt tatt nokre reelle steg mot det som vi kan kalla ei dreiing mot auka merksemd på miljø, lokalsamfunn og estetikk i ein kabelstrategi.

Statssekretær Liv Monica Bargem Stubholt i Olje- og energidepartementet veg orda sine på gullvekt før ho slepp dei laus i BT sine spalter.

Og med god grunn. Saka ho held i hendene har samla heile indre Hordaland i ein massiv front med ein klar bodskap: - Vi godtek ingen ting anna enn sjø- og jordkabel heile vegen frå Sima kraftstasjon i Eidfjord til Samnanger transformatorstasjon nedanfor Kvamskogen.

At Norges vassdrags- og energidirektorat har gjeve Statnett løyve til å byggja ei 420 kV kraftline over fjell og dal på strekninga, har berre herda motstanden i Hardanger.

Haugen av klager vart så stor at NVE ikkje visste anna råd enn å senda saka vidare oppover i systemet, til regjeringa. 49 klager har hopa seg opp, frå Hordaland fylkeskommune via einskildkommunane i Hardanger til Kvam langrenn- og skiskyttarklubb og Steinstø frukt- og kakebu.

Synfaring til våren

I Olje- og energidepartementet er dei fullt på det reine med den høge spenninga som ligg i spørsmålet om luftspenn eller kabel.

  • Dette er ei stor og viktig sak for oss, og vi kjem til å gje henne ei grundig behandling, seier Liv Monica Bargem Stubholt.

— Vil den politiske leiinga i departementet reisa til Hardanger for å sjå på saka sjølv før vedtak vert gjort?

  • Det vanlege er at folk frå embetsverket i departementet dreg på synfaring. Men no er det vinter, så av praktiske grunnar må nok ei slik synfaring i fjella langs Hardangerfjorden utstå til våren. Men arbeidet med å behandla saka vil starta med ein gong.

Fordeling av kostnad

  • Om den politiske leiinga reiser til Hardanger, så vert det i ein meir generell politisk samanheng, seier Stubholt.
  • Kva slags omsyn vil vera viktige å leggja vekt på for Olje- og energidepartementet?
  • I tillegg til reint faglege omsyn kan departementet også ta politiske omsyn. Situasjonen for kraftforsyninga er sjølvsagt viktig. Men i det særmerkte Hardanger-landskapet må vi også ta omsyn til estetikk. Regjeringa har tatt nokre steg i den lei i det som vi kan kalla ein kabelstrategi, seier Stubholt.

Ho legg til at departementet er fullstendig klar over den store skilnaden i kostnad mellom luftspenn og kabel. I alle fall slik det er oppstilt i materialet frå Statnett og NVE.

  • I behandlinga av denne saka må vi også gjera oss tankar om kostnadsfordelinga dersom det dyraste alternativet, altså kabling, skal veljast.

Mot til rett vedtak

  • Det går mot valkamp. Senterpartiet og Arbeidarpartiet stiller med nesten alle ordførarane i dei Hardanger-kommunane som er berørt av denne saka. Gjer dette saka om luftspennet eller kabel ekstra vanskeleg for regjeringa?
  • Eg vil heller seia det slik at det gjer saka ekstra interessant. Regjeringa må visa mot og evne til å gjera det rette vedtaket i ei vanskeleg politisk sak.
  • Så det er ikkje slik at regjeringa kan verta freista til å utsetja avgjerda til etter valet i haust?
  • Eg kan ikkje forestilla meg at regjeringa skulle ynskja å utsetja denne saka dersom ho er ferdig behandla i departementet, seier Liv Monica Bargem Stubholt.
JOHN LINDEBOTTEN