— Det viktigaste no er å få området inn på UNESCOs verdsarvliste. Så får vi ta ein eventuell konflikt med bergverksdrift og uttak av anortositt etterpå, seier rådgjevar Tom Dybwad hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Det er regjeringa som har søkt om at vestlandsk fjordlandskap får den prestisjetunge verdsarvstatusen. Nærøyfjorden i Sogn og Geirangerfjorden på Sunnmøre er plukka ut som representantar for fjordlandskapet på Vestlandet.

Verdas beste

Men i Nærøyfjorden ligg også verdas beste førekomst av industrimineralet anortositt. I grenseområda mellom Aurland og Voss ligg enorme mengder av mineralet som forskarar meiner mellom anna kan brukast til å gjere gasskraftverk miljøvennlege. Anortositt vil kunne binde CO2, og det er lansert storstila planar om å bruke mineralet i eit gasskraftverk på Lutelandet i Fjaler.

I forvaltningsplanen for verdsarvområdet som no er klar, tek fylkesmennene ikkje stilling til gruveplanane. Men dei held døra open for at dette kan la seg kombinere med statusen som eit av verdas viktigaste naturområde.

Framfjorden

Meininga er at mineralet skal fraktast ut den spektakulære Nærøyfjorden på lekterar. I følgje eksisterande planar skal det gå ein lekter i døgnet. Transporten skal skje om natta.

— Sett i forhold til den store cruisebåttrafikken i området, er ikkje dette det heilt store. Eg trur vel ikkje transporten blir største bøygen for planane om å vinne ut anortositt, seier Dybwad.

Dermed ligg det i korta at det er anlegg på land i Gudvangen som eventuelt kan setje bom for storstila gruvedrift i dalføret.

— Dersom utskipinga hadde skjedd frå Framfjorden i Vik, ville bergverksdrift i dette området vore lite komplisert i forhold til verdsarvstatus, meiner Dybwad.

Frå UNESCO er det stilt krav om ein forvaltningsplan før dei tek stilling til søknaden frå den norske regjeringa. Planen blei send ut på høyring i går.

Framlegget til forvaltningsplan for Nærøyfjordområdet omhandlar landskapsvernområda Nærøyfjorden og Bleia - Storebotn, vidare Bleia, Nordheimsdalen og Grånosmyrane naturreservat. Busette område i Nærøydalen, Gudvangen, Bakka, Dyrdal, Undredal og Breisnes er også inkluderte i planen.