EI UROLEG KØ veks ved inngangen til eit lyseblått hus i Hodlerstrasse 22 i sentrum av hovudstaden Bern. Klokka nærmar seg halv tre. Det er tid for ein matbit, prat med kjende, kanskje eit besøk hos legen, ein varm dusj.

Og eit skot heroin.

– Denne staden gjer det lettare for meg å overleve, seier Peter (37) og tenner ein dose legal tobakk. Straks skal han inn i rommet bak kaféen for å fyre opp heilt andre substansar.

Peter har inhalert heroin i tolv år, dei siste fem åra med profesjonelt tilsyn og utan å bryte lova på sprøyte— og røykjerommet i Hodlerstrasse.

– Eg vil gjerne slutte. Eg vil vekk, men samstundes har eg det bra her på huset. Det er som eg har ein familie her. På gata kjenner eg skam, eg føler meg utanfor samfunnet.

VELFRISERTE SVEITS var i trøbbel. Heroin var på moten, varene strøymde inn, og hundrevis av narkomane okkuperte parkane i storbyar som Bern og Zürich. Overdosane var hyppige. Mange døydde.

Utover på 1980-talet førte deling av sprøyter til ein HIV-epidemi blant dei narkomane. Situasjonen var verre enn i noko anna land i Europa.

Noko måtte gjerast.

– Vi hadde eit gigantisk narkotikaproblem. Vel hadde vi avrusings- og rehabiliteringsklinikkar. Men desse var langt frå nok til redusere problemet, seier dr. Robert Hämmig. Han er spesialist på psykiatrisk behandling av narkomane og ein sentral figur i utforminga av den sveitsiske narkotikapolitikken.

Noko vart gjort.

I dag er dei narkomane borte og familiane tilbake i parken.

FØRST STARTA UTDELINGA av reine sprøyter i parkane i Bern og Zürich. Så, i 1986, gjekk politikarane med på å opne eit sprøyterom i Bern, det første i verda.

Tiltaket markerte starten på ei omfattande ombygging av narkotikapolitikken i fleire av dei 26 langt på veg sjølvstendige kantonane i Sveits, og etter kvart også på nasjonalt nivå.

Tidleg på 1990-talet vart det opna fleire sprøyterom rundt om i landet. Dei neste åra vart nye tiltak etablert i tur og orden. I dag finst det mellom 30 og 40 institusjonar og tiltak i offentleg og privat regi berre i Bern: bustadhjelp, jobbprogram, klinikkar, prevensjonstiltak, informasjon om HIV/AIDS, støttetiltak i skulen og overlevingshjelp.

Huset i Hodlerstrasse representerer det siste.

KLOKKA ER nøyaktig halv tre. Medarbeidar Bubi Rufenger låser opp. Køen trykkjer seg inn døra og løyser seg opp i eit kaotisk kappløp mot baren. Der må alle identifisere seg med fornamn, registrere seg og trekkje kølapp. Alle må vere over 16 år.

Ein skjerm oppunder taket fortel når det er tur. F for «fixen», R for «rauchen» og S for «sniffen»

Effektivt plukkar menn og kvinner reint utstyr frå hyller i det kliniske lokalet, set seg ved dei stålblanke veggborda, varmar opp varene, strammar reimar rundt armane og knipsar på sprøyter.

I eit eige rom med utsikt til sprøyterommet mekkar to menn og ei kvinne dop til røyking. Røykjerommet kom i 2003. Dei som røykjer er utsette for mange av dei same farane som dei som set sprøyter. Ein sjukepleiar passar på alle.

Ingen overdosedødsfall er registrerte i løpet av dei vel 20 åra tilbodet har eksistert. Det har vekt oppsikt.

– Vi har hatt journalistar og studiegrupper frå heile verda her. Frå Finland, frå Sverige. To gonger har vi hatt grupper frå Iran. Men aldri nokon frå Noreg, seier dagleg leiar Ines Bürger.

DET LYSEBLÅ HUSET i Hodlerstrasse er meir enn eit sprøyterom, meir enn eit hus for regulert rus. Kaféen er sosialt samlingspunkt, det er råd å få seg ein dusj, vaske klede. Ein lege er til stades på eit godt utstyrt kontor ein gong i veka.

– Huset er ikkje til berre for å få narkomane bort frå parkar og gater. Dei kan få hjelp her, understrekar Bürger.

– Vi kan gi dei ein sjanse til å bli respekterte som menneske, legg kollega Rufenger til.

Bürger og Rufenger har arbeidd lenge med rusavhengige. Lenge nok til å ha skrinlagt illusjonane.

– I dag fekk eg eit brev frå ei ung jente som har vore her. Ho fortalde at ho er stoffri og lykkeleg. Men dette er ikkje noko vi opplever særleg ofte. Vi kan tilby eit utgangspunkt, hjelpe folk vidare i systemet når dei er motiverte, seier Rufenger.

Det er nettopp dette som er kjernen i den sveitsiske modellen. Dei tyngste narkomane kan ikkje berre stappast inn i avrusing.

Først skal dei overleve. Ha nokon å snakke med. Få hjelp til å førebyggje og behandle dei mest alvorlege helseproblema. Deretter kan nokre greie å trappe ned og kanskje kome ut av rusproblema.

ROBERT HÄMMIG får ikkje sagt dette sterkt nok.

– Det er det same som gjeld for kva som helst by i Europa. Først må ein kome i kontakt med dei narkomane. Det gjer du gjennom å opprette trygge stader for å setje sprøytene.

Før Sveits snudde opp ned på narkotikapolitikken var det nulltoleranse som var tingen. Narkomane var primært kriminelle. Jakta gjekk føre seg på hard asfalt.

– Det var som eit omreisande sirkus. Politiet skubba dei narkomane rundt i ring, hugsar Ines Bürger.

I dag viser politiet like gjerne veg til Hodlerstrasse som å ta fram handjernet. I prinsippet illegale narkolangarar får drive forretning ved køen, så lenge inntektene berre går til eige forbruk.

Robert Hämmig meiner nulltoleranse – framleis praktisert i Noreg – høyrer heime i steinalderen:

– Det aller viktigaste er respekt. Nulltoleranse er det motsette av respekt.

GRATIS, statleg heroin. Tanken verka framand for dei fleste og absurd på mange. Men i 1994 var det nettopp dette politikarane bestemte seg for.

I dag får cirka 1300 alvorleg avhengige i Sveits farmasøytisk framstilt heroin hos legen eller på særskilde klinikkar. Kvart år blir omtrent to av hundre i programmet stoffrie.

– Mange har dårlege erfaringar med metadon. Med kontrollert bruk av heroin er det mogleg å stabilisere og trappe ned. Deretter kan det vere lettare å gå over på metadon, seier Robert Hämmig.

Av dei anslagsvis 25.000 heroinavhengige i Sveits, får rundt 16.000 syntetiske erstatningar i form av metadon eller subutex.

HEROINPROGRAMMET er velsigna av det sveitsiske folket gjennom folkeavstemming. Men langt frå alle er samde i at dette er vegen å gå.

Kritikarane meiner staten let narkomane halde fram misbruket på skattebetalarane si rekning og at resultata ikkje er kan rettferdiggjere innsatsen. Enkelte hevdar sprøyterom er med på å gjere narkotikamisbruk akseptabelt og auke tilgangen på dop.

Men vitskapelege undersøkingar tyder på det motsette.

Redusert kriminalitet, færre overdosedødsfall, færre skadde barn født av narkomane mødre, redusert omfang av HIV og hepatitt er dokumentert.

Ein artikkel i det medisinske tidsskriftet The Lancet konkluderte i fjor med at utskriving av heroin var med på gjere stoffet mindre attraktivt blant unge.

Nederland, som er eitt av landa som har kopiert dei sveitsiske forsøka med kontrollert utdeling av heroin, kan også vise til gode erfaringar. Ein rapport frå 2002 konkluderer med at tiltaket gir vesentlege helsegevinstar.

I Sydney, som fekk sprøyterom etter sveitsisk modell i 2001, slår ei evaluering fast at tiltaket er ein livreddande suksess.

I HODLERSTRASSE går kølappane unna. 100 menneske er det plass til samstundes. Det er altfor lite. Kapasiteten er sprengt.

– Vi har stadig fleire unge her no. Dei fleste som kjem hit er mellom 16 og 25 år, fortel Ines Bürger.

Heroin er på veg ut. Kokain inn.

– Det er lett tilgjengeleg på utestader. Dei fleste byrjar med å sniffe, og mange endar med å skyte stoffet. Enkelte går også over på heroin for å «roe ned», seier Bürger.

Kokain er ikkje lenger mykje dyrare enn heroin. Og heroinen har ofte dårleg kvalitet.

Det veit Marianne (41) alt om. Ho har nettopp fylt lungene med heroin. No sit ho framoverlent ved eit bord i kafeen. Ho er oppstemt, men bekymra for nyrekrutteringa.

– Det er fleire unge folk her enn før. For ti år sidan gjekk det i heroin. No kjem dei med kokain, stadfestar Marianne.

SJØLV HAR HO BRUKT harde stoff i 24 år. Ho seier ho skal slutte.

– Eg veit eg kan klare det. Eg var rein i eitt og eit halvt år – så byrja eg igjen. No skal eg til Spania. Eg har ein mann der som støttar meg. Når eg kjem tilbake, vil eg ut i skulane og fortelje om kor farleg dette er.

Ho kastar ei kameratsleg arm rundt Roger (23) si skulder. Han er veteran, han med. Før han var ferdig med barneskulen hadde han prøvd både heroin, hasj og kokain. No brukar han alt saman og får metadon i tillegg.

Heroin på resept er ikkje noko for han.

– Skal eg slutte, så skal eg slutte. Eg veit eg kan klare det, men eg treng hjelp, seier han.

På andre sida av bordet sit Bubi Rufenger og er betenkt. Ikkje alle kan klare det.

Men det finst alltid håp. Roger har gjort framsteg i løpet av fem år som stamgjest.

– Eg trur Roger kan skape seg eit verdig liv, seier Rufenger. Med eller utan dop.

VETERANAR: Marianne (41) og Roger (23) har begge brukt harde narkotiske stoff meir enn halve livet. Roger var elleve år då han prøvde ut både hasj, kokain og heroin
FOR MENNESKEVERD: Etter at dei narkomane forsvann fra parkar og gater, forsvann også mykje av merksemda frå media. Unge radikale demonstrerer framfor det nasjonale parlamentet i Bern.
HUSET I HODLERSTRASSE: Der det er husrom, er det hjarterom og sprøyerom.
Paul Sigve Amundsen
Paul Sigve Amundsen