Fredag 2. mars i år skulle ikkje bli nokon god dag for 18 år gamle «Geir», skuleelev på Nord-fjordeid. Klokka er litt over åtte, han er nesten klar til å gå på skulen. Det bankar på døra. Korta på bordetDet vart ikkje nokon skule for «Geir» denne fredagen. For utanfor står to betjentar som skal ha han med på lensmannskontoret. Dei veit alt, han kan like godt tilstå, seier dei. Og «Geir» fann ut at det stemte. Dei visste det meste. Typen han hadde fått stoffet sitt frå, hadde lagt korta på bordet. «Geir» såg raskt at det var like greitt å vedgå at jo, han sjølv hadde nok mottatt ein solid porsjon av hasjen frå Oslo. Nybyrjarar i bransjen «Geir» skulle slett ikkje bli den einaste unge nordfjordingen som fekk politiet på døra i løpet av denne våren. Så langt har politiet oppretta meir enn 100 enkeltsaker i samband med hasj-kanalen til Nordfjord. Og dei involverte har alle blitt konfrontert med den same meldinga: Vi veit alt. Du kan like godt tilstå.Og det gjorde dei, med svært få unntak. Dei tilstod til gagns. Politiet oppdaga raskt at svært mykje av hasjen som siste halvåret hadde fløymd inn over Nord-fjord, spesielt kommunane Eid og Stryn, hamna hjå nybyrjarar i bransjen. Folk som ikkje var spesielt rutinerte i politiavhøyr, folk som var nervøse og som oppgav namn. Namn som gjorde at politiet kunne gå vidare, heilt ned til småbrukarane. Kilovis med hasj Tilbake på Nordfjordeid, senteret i Eid kommune (5.800 innb.), sit «Geir». Mindre enn 14 dagar er gått sidan han fekk dommen sin i forhøyrsretten.To års fengsel, utan vilkår.Han vart domfelt for å ha selt 1,2 kilo hasj vidare til elleve forskjellige personar. Vidare er han dømt for sjølv å ha kjøpt nesten 1,5 kilo hasj. På toppen har «Geir» også involvert seg i amfetamin. Politiet fann 130 gram av stoffet heime hjå «Geir». Og sjølvsagt måtte han erkjenne sin eigen bruk av hasj, amfetamin og litt ecstacy. Stort ansvar for spreiing Ifølgje politiet tilhøyrer «Geir» ikkje toppskiktet av dei involverte i «Oslo-kanalen».Siktede må anses for å ha et betydelig ansvar for spredning av narkotika i de lokalmiljøene hvor han har operert, står det likevel i Nordfjord forhøyrsrett sin dom mot 18-åringen. Dessutan har «Geir» ein betinga narkodom frå desember 2000, også det hovudsakleg handel og bruk av hasj og amfetamin.Den nye dommen gjeld saker «Geir» har gjort i prøvetida. «Geir» fortel at han vil anke.— To år måtte eg kanskje rekne med, men ikkje at alt var utan vilkår, seier han. Politiets våte draum Men politiet kan gni seg i hendene. Terje Gjertsen i Fjordane politidistrikt legg ikkje skjul på at opprullinga har vore spesiell.- Dette skjer berre ein gong. Neste gong vi står overfor ei slik stor sak, er det verre. Men vi kan alltid håpe at det vil rakne like lett, seier politiinspektøren. Slik det var denne gongen, kunne politiet taue dei inn, ein etter ein, og konfrontere dei med at namnet deira var blitt blåst av folk høgare oppe i hierarkiet.I denne situasjonen fann dei fleste det naturleg å svare med å blåse namna vidare nedover. Ein våt draum for einkvar narkoetterforskar, men som regel berre ein draum.Unntatt i Nordfjord, våren 2001. Stoff over alt Vi møter «Geir» heime på Nordfjordeid. Kameraten hans, «Tom» (19), er på besøk. «Tom» er også tatt. Rettsaka ventar, og han håpar på ein vilkårsdom.Gardinene er trekt for, dei to ungdommane sit i ein sofa og spelar Playstation, tobakksrøyken ligg tung i rommet. Kun tobakk, forsikrar dei begge. - Det var stoff overalt i Eid og Stryn i vinter, og det var ekstremt mange som vart dradd inn i det. Massevis av streit, skikkeleg ungdom. Idrettsungdommar, skuleflinke og godt vaksne folk som aldri hadde vore borti slikt tidlegare, fortel «Tom». - Iallefall her på Eid kom du lett i kontakt med miljøet, nærast utan å oppsøke det. Fleire års hasjbruk Då dei to ungdommane vart tatt i vår, hadde dei fleire år bak seg som hasjbrukarar. «Geir» sidan han var 14 år, «Tom» sidan 15-16-årsalderen. Men ein slik flaum av stoff som kom inn til dis-triktet i vinter, har dei aldri tidlegare opplevd. - Folk her ville få seg ein del sjokk dersom dei visste kven som faktisk har vore involvert på ein eller annan måte, seier «Geir» med eit tynt smil. Sjølv reknar han med at «alle» på Nordfjordeid veit at han var innblanda i saka.- Eg er faktisk glad for at eg vart stoppa i tide, seier han. - Men eg er ikkje glad for å bli dømt til to år utan vilkår. Ein slapp unna Dei to fortel om politiforklaringane, at dei ville blitt dømt uansett. Da folk vart pågripne visste politiet allereie om det meste. - Det var ingen vits i å nekte. Det har ramla frå toppen og nedover, og det var uråd å sleppe un-na, seier «Geir». - Det er berre ein einaste av dei verkeleg store som har sluppe unna. Han vart berre tatt for små-ting. Politiet veit kven han er, men kan ikkje bevise noko.Trass i alle namn som har bobla fram i politiavhøyra, har det ikkje vore snakk om represalier i miljøet. - Så godt som alle har jo snakka, seier «Geir» tørt. - Svært få har hatt grunn til å klage eller hemne seg. Men eg jo har fått nokre få trugsmål.Sjølv om miljøet var svært i lokal målestokk, var det relativt ferskt og lite forherda. Brutale metodar som knuste kneskåler og denslags er ikkje tatt i bruk. Iallefall ikkje enno. Angst og depresjonar No satsar dei to ungdommane på utdanning og ei dopfri framtid. Dei leverer regelmessig urinprø-ver.- Vanskelegast er det å finne nokon å vere med, nokon som ikkje er inne i dette, og som tør og får lov til å vere saman med meg etter alt dette oppstyret, seier «Geir». Han har hatt angst og depresjonar etter at han kutta ut. Blir mykje sitjande heime.- Dei siste par åra brukte eg ein del amfetamin, og vart heilt asosial på slutten. Eg hadde nesten berre kontakt med miljøet, seier «Geir».- Ja, vi gjekk nesten ikkje ut, sat heller inne og speeda. Gjekk vi ut i helgane, så fekk vi heilt angst av alle dei fulle folka. Vi sprang rett heim igjen, ler «Tom». Dei trur at miljøet på Eid no har snevra seg kraftig inn og blitt langt meir lukka. Svært mange har fått ein støkk.Sjølv vil dei prøve å halde seg unna dop. - Men det har jo blitt litt meir drikking i det siste, gliser «Geir» idet vi er på veg ut døra. - Det er jo ikkje heilt bra, det heller.

GLAD FOR Å BLI STOPPA: - Det var stoff overalt i Nordfjord sistr vinter og massevis av streit ungdom var med, sier "Tom". Han venter fortsatt på at rettsaken mot skal komme opp.